DET GODE VAL!
Å ta eit val

Kven påverkar?

Konsekvensar

Det gode val

Søknad vidare

Rådgjevaren

Info-lenker

Det er viktig å vite kva for eigenskapar og evner ein har eller manglar før ein byrjar på ei utdanning. Er ein fargeblind, har astma eller er allergisk, er det viktig å ta hensyn til dette og ikkje velje ei utdanning der ein raskt vil få problem når ein kjem ut i arbeid.

Er du allergisk overfor støv, må du ikkje velje ein arbeidsplass der du veit det er naturleg med ein del støv og skitt. Har du vond rygg, må du heller ikkje ta ei utdanning der du veit det vil bli ein del tunge løft.
Kroppen din må tåle påkjenningane i yrket du vel. Dette kan vere både av fysisk og psykisk art.

Med evner meiner ein kor dyktig ein er til å løyse spesielle oppgåver og enkelte arbeidsoperasjonar.
Ein kan heile tida utvikle evnene sine. Dei er ikkje konstante og urokkelege.

Når du skal velje eit yrke eller ei utdanning, skal du ta hensyn til kva du har lyst til. Du skal velje noko som du synest er interessant og som du kan trivast og utvikla deg vidare i. Ikkje vel noko som du trur kan vere smart eller som andre synest høyrest flott ut. Ver realistisk, set deg mål som du kan klare å nå.

Hugs at du vel for framtida di, og framtida skal vere god å sjå fram mot!