Tilpassa opplæring
Opp Tilpassa opplæring Problem elevar Erfaringar

Utfordingar som skapar samkjensle.

Skulen har ofte trong for å setja igang tiltak som kan løysa akutte situasjonar. Rådgjevingstenesta set ofte søkjelys på årsakstilhøve i og omkring eleven. Løysinga kan imidlertid nokre gonger vera å gjera noko heilt nytt. La eleven få hand om sin eigen kvardag gjennom praktisk deltaking  og ansvar for eit arbeid han meistrar.                                                                                     Elevbedrift eignar seg derfor svært godt for elevar som ikkje tilpassar seg teori, på lik line med andre barn.  I ei elevbedrift får alle elevane uansett nivå og evner ein unik sjanse til å arbeida i eit fellesskap, der kvar elev får oppgåver som dei meistrar. Og elevane får respekt for det dei andre gjer, for alle er like avhengige av kvarandre for å oppnå eit godt resultat i bedrifta. Elevane opplever at arbeidet dei utfører er viktig for fellesskapet. Erfaringar frå fleire skular i Hordaland syner at ein har svært gode resultat med paragrafelevar i elevbedrifter. Anten som ei eiga bedrift for desse elevane, eller som integrert i elevbedrifta med normalt fungerande elevar.

Tilpassa opplæring Problem elevar Erfaringar