Teoretiske modellar
Opp Teoretiske modellar Meir om modellar

                           Fasane i  elevbedrift

Definisjonar og forklaringar på omgrepet.

For å forstå kva som ligg i omgrep og metodikk, er det nyttig å sjå litt på kva fagfolk har uttalt om elevbedrift. Sjølv om teoretiske modellar først syner sitt sanne andlet i praktisk gjennomføring, kan dei likevel gje oss innsikt som kan vera til nytte.

laerer1.wmf (7856 bytes) Ein definisjon av omgrepet elevbedrift er: "en bedrift som initieres, eies og drives av elever. Bedriften har som ansvar å ta i bruk tverrfaglige kunnskaper og ferdigheter. Målsettingen bak elevbedriftene er å skape kreative og nytenkende unge, som klarer å se hvordan lokale ressurser og tradisjoner kan utnyttes forretningsmessig til beste for hele samfunnet" (Sparebankforeningen sin definisjon).

Definisjonen på ein ungdomsbedrift er den same, men er gjeldande for den vidaregåande skulen, og aldersgruppa 15-20 år.

I arbeidet med ei elevbedrift må dei unge læra seg å kombinera teori og praksis. I staden for å få undervisning om bedrifter på eit reint teoretisk plan, er tanken bak elevbedriftene at elevane sjølve etablerar si eiga bedrift. Dette gir òg ei meir problemorientert undervisning, der resultata skal bli auka kunnskap om det næringslivet elevane vil møte seinare i livet.

 

Omgrepet entreprenørskap er eit fleirtydig og sentralt omgrep i denne konteksten, og eit satsingsområde i statsbudsjettet." I denne sammenhengen er det viktig å bygge opp entreprenørskap og ressursforståelse hos ungdom, slik at flere kan være med å skape nye arbeidsplasser. Entreprenørskap er også utgangspunktet for bedre handlingskompetanse når ungdom skal skape et godt hjem, være konstruktive, skapende og aktive i fritid og lokalmiljø" (Jfr. Statsbudsjettet 1996)

WB01512_.gif (115 bytes) Meir om modellar

WB01512_6.gif (115 bytes) Fasane i elevbedrift