Produksjon
Opp

                           Marknadsføring

Produksjon.

Sjølve produksjonen bør foregå på forretningsmessig basis, der ein handsamar ressursane med respekt. Dette gjeld alle typar ressursar, både naturressursar, menneskelege ressursar og tidsressursar. Det er ein fordel for elevbedrifta å ta i bruk dei lokale ressursane, og sjå på dei utfordringane som ligg i nærmiljøet . Når elevbedrifta har valt produkt, må ein prøva å finna nye innfallsvinklar i lokal marknad. Produksjonen krev at ting er godt planlagt, for at ein skal oppnå ein brukbar økonomi. Produktet skal vera så bra at elevane er stolte over det dei har laga, og at ein kan få selt det til fleire enn foreldre og besteforeldre. Innsats og motivasjon skal kunne gje resultat. Og motsett, mangel på innsats og nøysemd gjev negative konsekvensar for kvaliteten på produktet og på overskotet.

 

Identitet.

Elevbedrifta må i tillegg skaffa seg eit namn, som det skal vera råd å kjenna att. Dette vil i beste fall vera eit middel til å gje bedrifta ein identitet.

 

WB01512_1.gif (115 bytes)