Korleis kan elevbedrift førebyggja åtferdsproblem?
Det er ikkje til å koma bort ifrå at grunnskulen har eit
aukande problem med åtferdsvanskar mellom barn og unge. Tidlegare rekna ein mange stader
mellomsteget som ein roleg fase i livet til barna. I desse tre åra før puberteten er
barna store, men framleis barn på mange måtar. Utover i nittiåra har m.a.
mediesamfunnet vårt bidrege til at denne aldersgruppa allereide i for stor grad kjenner
til den "vaksne verda". Mange tek inn over seg problemområde som dei skulle
vore sparte for i nokre år enno. Meininga med opplæring og utdanning til det vaksne
livet må derfor òg ha fokus på denne aldersgruppa.
På mange skular er det blitt slik at mellomsteget representerar dei
største utfordringane når det gjeld forebygging av adferdsproblem.
Manglande motivering for skulegang, hærverk og konfliktar elevane
imellom skapar problem for undervisninga. På mange måtar ser det ut for at mangel på
meiningsskapande gjeremål fører til frustrasjonar mellom barna. Prosjektarbeid med mål
og meining kan vera med på å snu denne trenden. Konkrete drøftingar, planlegging og
gjennomarbeiding av opplegg skapar engasjement.
I eit avisintervju med Håkon B. Landråk ved Høgskulen i Stavanger
vert det hevda at elevbedrift er vegen å gå i kampen mot mobbing og hærverk. På
spørsmålett om elevbedrift er løysinga på problemet, svarar Landråk slik:
"Nei, det fins ingen vaksine. Men det viser seg at mobbing skjer
mellom elever som ikke har felles mål. I en elevbedrift er det verken tid til eller klima
for mobbing. Elevene identifiserer seg med aktiviteten og produktet. Kunnskapen fra skolen
blir omsatt i konstruktiv, praktisk handling fram mot et produkt som har verdi"
(Dagbladet 28.01.96) Høgskulen i Stavanger står òg ansvarleg for utgjeving av
Distriktsaktiv skoleNYTT
