" Entreprenørskap er ikke et fag, men en holdning. En
viktig forutsetning i arbeidet med å fremme entreprenørskap er å tilrettelegge for et
læringsmiljø der barn, unge og voksne får praktiske erfaringer med å delta i en
prosess der det skapes materielle og kulturelle produkter og tjenester som har en verdi og
betyr noe for andre" (Tidlegare statssekretær i KUF, Astrid Søgnen).
Elevbedrifta skal gje høve for elevane til å tenkja nytt og
utradisjonelt i forskjellige faglege samanhengar. Elevbedrift i skulen er ikkje ein form
for spesialutdanning. Deltakarane i ei elevbedrift er generalister. Elevbedrifta vektlegg
å arbeida sjølvstendig, men også i samarbeid med andre for å nå sine mål, ved å se
dei ulike faga i ein samanheng. Det tverrfaglege aspektet er sentralt her, slik at elevane
skal sjå nytten av dei ulike faga. Skulen legg grunnlaget for den seinare spesialiseringa
til elevane. Elevbedriftene bør helst vera basert på lokale ressurser. Elevane tileignar
seg på denne måten større kjennskap til lokalmiljøet. Elevbedrift er ein egenaktivitet
der elevane opplever at dei er med på noko som tyder noko både for dei sjølve, og
omverda.
Eit av hovudmåla med ei elevbedrift er at elevane skal bli meir
kreative og læra å meistra ulike oppgåver og krav, og erfare kva dei sjølve kan få
til.
Dei erfaringane elevane skaffar seg i arbeidet med ei elevbedrift, kan
vera med å motivera og inspirera elevane til seinare etableringar. Møte med den
institusjonaliserte delen av samfunnet, som til dømes bankvesen, media, stat og kommune,
er med på å utvikla entreprenørskapstanken. Elevane får kunnskap om samanhengane i
samfunnet, dei lærar seg sjølve betre å kjenna, og dei får erfara at ingenting står
og ventar på dei den dagen ein har fullført utdanninga. Ei anna viktig erfaring eleven
får gjennom dette arbeidet er forståing for eigne og andre sine roller som
arbeidstakarar, og samanhengane mellom de ulike stillingane.