Gjennomføring
Opp Kva er ei elevbedrift Elevbedrift i gr.skulen Praktisk igangsetjing Gjennomføring

                           Produksjon

Tildeling av stillingar.

BS00865A.gif (2933 bytes)Dei fleste elevbedriftene har både ei leiing og medarbeidarar. For elevar i småskulen kan det vera eit alternativ å diskutera korleis ein skal organisera leiinga i bedrifta. For dei litt eldre elevane bør det så langt det er mogeleg utlysast stillingar som elevane må søkja på. Alle elevane i elevbedrifta er med å avgjera kven som skal få dei ulike stillingane. Her kan også læraren prøva å rettleia elevane litt før dei gjer sine val. Det er ikkje alltid slik at dei "tøffaste" eller "flinkaste" elevane gjer seg som dagleg leiar.

I prosessen med tilsetjingar og gjennomføring av elevbedrift, er det viktig at elevane får forståing av at alle stillingane er like viktige for å oppnå eit bra resultat. I enkelte elevbedrifter rullerer stillingane og alle skifter stillingar etter ein fastsett periode. Det kan i mange høve vera vanskeleg for elevane å takla at ein klassekamerat får ei stilling framfor ein annan i klassen. Men dette er noko dei òg vil få røynsler med seinare i arbeidslivet. Sjølv om leiarstrukturen er forskjellig frå elevbedrift til elevbedrift vil dei fleste bedriftene har ein dagleg leiar. Personvalet til denne stillinga bør ordnast først, slik at ho/han kan vera med på resten av tilsetjingane. Dagleg leiar bør òg ha med seg nokre av elevane i eit leiarteam som styrer økonomi, sal, produksjon og i einskilde tilfelle er personalansvarlege. Elevane får gjennom sine stillingar eit ansvar og eit konkret forhold til bedrifta. Det er viktig at kvar tilsett kjenner at ho/han er tilsett og valt fordi eleven er ynskt og har noko å bidra med. Det er vanleg at alle elevane har ei eller anna form for leiarstilling. Tilhøvet mellom dei tilsette må til ei kvar tid vera tema for drøfting, og verksemda må finna modellar for korleis konfliktar kan løysast. Modellen bør vera slik at om mogeleg, alle kjem styrkt ut av drøftingssituasjonar og gjer fruktbar erfaringar. Dette er ikkje alltid like lett å få til om motsetningane er store. Ein open kommunikasjon vil likevel i mange høve hjelpa bedrifta vidare framover.

WB01512_.gif (115 bytes)