Erfaringar
Opp Tilpassa opplæring Problem elevar Erfaringar

Tre døme frå Hordaland: Lindås, Vaksdal og Ulvik

Frå byrjinga på nittitalet har Hordaland fylke arbeidd aktivt for å utvikla elevbedrifter i skulane. Forsøka har i første rekkje gått føre seg i grunnskulen. Dei kommunane som har delteke i desse prosjekta har i stor grad vore det vi kallar for landkommunar. I dei siste åra har folkerike kommunane og frå inneverande år, Bergen kommune kome sterkare med i prosessen. Det er EOU-prosjektet knytt til DISK i Rosendal som er koordinator og pådrivar i utviklinga av elevbedrift i grunn og vidaregåande skule i dette fylket.

Frå Lindås kommune.vaktmst1.wmf (2264 bytes)

Onsdag presenterte dei 18 elevbedriftene ved Lindås ungdomsskule seg. Ein av dei mange som let seg imponera var ordfører Atle Kålås. "Eg visste at skulen satsar stort på på elevbedrifter, men at det var så stor spennvidde i aktivitet- spekteret, hadde eg ikkje drøymt om.  Må sei det er imponerande det eg er vitne til i dag, seier lindåsordføraren ettertenksamt." Han har funne seg plass ved bordet til Line, Siri og Ina i Valhall Vaskebyrå. Tre jenter som fann på at dei skulle starta eige reingjeringsbyrå. Ina og Line registrerte at det var behov for den type tenester dei kunne tilby. Vi har fullt opp å gjera med å vaska golv, reingjera hyller og skåp til vertskapet kjem heim att. (I Media Norge a/s 12.12.98)

Frå Vaksdal kommune.jente3.wmf (2688 bytes)

Mellom førti og femti stamnesingar får annankvar torsdag     mat levert frå Stamnes skule sitt skulekjøkken. Elevane i 5. til 7. klasse er både kokkar og rekneskapsførarar. Gerd Straume frå Stamnes tek vel imot oldebarnet Renate Simmenes når ho kjem innom med nylaga plukkfisk. Stamnes elevane har sjølve fiska fisken, reinska han, laga til plukkfisken, pakka maten i porsjonsøskjer og levert han til kundane. Annan kvar torsdag får bygdefolket tilbod om å kjøpa mat rett frå skulekjøkkenet, og mange takkar ja. Om fjorten dagar står det raspeballar på menyen. (Vaksdalsposten 12.11.98)

Frå Ulvik kommune.ridning.wmf (10104 bytes)

Laurdag 2. oktober arrangerte næringsdrivande kremmarar torgdag i Ulvik. Eit stort antal torgbodar var sett opp på begge sider av parkeringsplassen framfor sentrumsbygget. Midt på plassen stod det ein litt uvanleg bod med både tobeinte og firbeinte skapningar. Det var Brakanes elevbedrift som stilte   opp med både fjordahest og islandsponny for at dei minste skulle få seg ein ridetur. Iført hjelm kom mange krabatar seg opp på hesteryggane for deretter å ri i gangfart sentrum rundt. Elevane hadde laga fine plakater om tilbodet, og annonserte med overkomelege prisar. Det var til tider tendens til kødanning  framfor boden til elevbedrifta.

Tilpassa opplæring Problem elevar Erfaringar   Startside