Kva er ei elevbedrift
Opp Kva er ei elevbedrift Elevbedrift i gr.skulen Praktisk igangsetjing Gjennomføring

                           Ressursbruk i  L-97 Aktuelle fag Etikk

Utdanning til yrke som enno ikkje er skapte.

PE03328A.gif (2743 bytes) I denne delen finn du mykje av filosofien og det fagmessige bak bruken av elevbedrift. Dei nye læreplanane for grunnskulen ligg heile tida under og påverkar utviklinga. Virkemiddel som t.d. elevbedrift heng saman med kva skulen ynskjer å oppnå i framtida. Kva seier så læreplanen for grunnskulen om målet for utdanninga?

Opplæringa har som mål å rusta barn og unge til å møta oppgåvene i livet og meistra utfordringar saman med andre. Den skal gje kvar elev høve til å ta hand om seg sjølv og sitt eige liv, og samstundes ha vilje til å hjelpa andre. Opplæringa skal kvalifisera til ein produktiv innsats i dagens arbeidsliv, og gje grunnlag for seinare i livet å gå inn i yrke som enno ikkje er skapte. Den skal utvikla dei evner som trengst for å spesialisera oppgåver, og gje ein generell kompetanse som er brei nok slik at ein kan omskulerast seinare i livet. Opplæringa i skulen må gje adgang til "dagens arbeids- og samfunnsliv", og evne til å møta skiftande miljø og ei ukjent framtid ( fritt etter Læreplan, generell del 1997).

baby7.wmf (13564 bytes)

Ein pedagogisk metodikk som ivaretek  alle desse    nemnde elementa ovanfor er å etablera elevbedrift i skulen. Denne oppgåva skal vera ei enkel vegleiing til kva elevbedrift er for noko, og korleis ein organiserer ei slik verk- semd i høve til dei nye læreplanane. Notatet byggjer på dei erfaringane EOU-prosjektet har skaffa seg gjennom kontakt med skular og lærarar som har arbeidd med elevbedrift.

 

Nettbasen "Lilletun".

EOU- prosjektet er i gang med å utarbeida ein nettbase, som skal vera dynamisk slik at elevar og lærarar som held på med elevbedrifter kan kommunisera og utveksla røynsler. I tillegg til dette vil basen ha ein statisk del, som stadig blir oppdatert med ny informasjon om tilhøva i, og rundt arbeidet med elevbedrifter både på eit regionalt og nasjonalt plan.

Opp Ressursbruk i  L-97 Aktuelle fag Etikk