|
Eit oppgjer med tidlegare yrkesorientering. Det er lett for lærarar å mistolka dei signal som elevane sender ut når teoristoff vert gjennomgått i klasserommet. Korleis stoffet vert oppfatta heng nøye saman med førestillingsevne og det omgrepsaparatet som kvar einskild elev har med seg. Læring om yrkeslivet er derfor avhengig av eit erfaringsgrunnlag. Denne forståinga har fått konsekvensar for yrkesorienteringa mot slutten av -90 åra. På 80-tallet var ein del av yrkesorienteringa i skulen retta mot eksisterande yrke i dei ulike næringane her i landet. Undervisninga var ofte tilrettelagt slik at elevane skulle få sjå breidda i næringslivet, men oversiktsbilete utan innsikt har synt seg å vera eit dårleg utgangspunkt for reelle val. Spørsmålet som meldte seg var: Korleis kan ein formidla informasjon om organisering av næringslivet på ein enkel og tenleg måte for elevane? Kva må til for at dei skal få gode kunnskapar om det verkelege arbeidslivet?
Eit av svara ligg i innføring av dei nye arbeidsmetodane som skulereformene i 90-åra har tilført skuleverket i Noreg. L-97 legg grunnlaget for obligatoriske tema og prosjektarbeid, der det blir lagt vekt på at prosjekta skal vera tverrfaglege. Teoridelen blir bunden opp til lokale tilhøve og lokalt arbeidsliv, der ein legg meir vekt på praktiske aktivitetar. |