|
EIT
UPUBLISERT HAUGEDIKT FRÅ 1938.
Frå Jens Ljones i Ulvik har eg fått låna eit dikt som Olav H. Hauge skreiv då han var 30 år gammal. Far til Jens Ljones, Torbjørn Ljones, fekk dette diktet frå Hauge ein gong. I samband med 50-årsminnet for freden las Jens Ljones dette diktet på Elvatun i Ulvik den 8. mai. Diktet har aldri vore offentleggjort i noka diktsamling. Det er eit klenodium og viser korleis den unge Hauge tenkte og dikta. Vi kan sjå likskapstrekk med anna tidleg dikting som til dømes "Gartnaren drøymer". Begge dikta er oktavar. Det vil seia at det er bundne dikt, og kvar strofe har åtte verselinjer. Denne tidlege diktinga står i sterk kontrast til dei moderne dikta. Men gamle og nye dikt høyrer saman i ein heilskap som syner oss ei utvikling og eit kontrastfylt liv. Strofene er bundne med rim og rytme. Språket og dei mange stadnamna gjer diktet noko tungt å lesa for ein "ikkje-ulvikje", men det er eit vakkert måleri av naturen i Ulvik. Sjølv om det kronologisk skulle ha stått fyrst, har eg valt å slutta med dette diktet, fordi det kanskje vil vera lettare tilgjengeleg når ein har ein viss kjennskap til Hauge og bygda.
Mot ålvak morgon vestan-fjella gløder som fjerre draumeland i lufta blå. Bred-skauta tinderader ligg og bløder i fyrste bjarte solskimt austanfrå. Or kyrre rømda stilla svell og fløder i skire dagblik kringum tind og trå. Og attum Sotenuten svart og himen døyr natta ut i kløkke morgontimen.
I Noregs hjarta under gråfjell-herda der fjordabotnen seg um bergglip vrid, ligg Ulvik, perla midt i jøkulverda, med blomefonna under grøne lid. Her lyser heimehug og arbeidsæra, her møter Hardang deg frå gamal tid. Blå fjord og solfjell, kvite aldehagar skin fagert som i dine barnedagar.
Or urgrå segn og soge landet flotnar, ein sokken tempeldom mot allheims Gud. Snøkjempor ris or kaldhjelm-svarte botnar, berg-gil slær att sin solport mot sud. I sjumils-salar sula fjerrgrå jotnar som fjetra stokk i stein i sylvbudd skrud. Med snøkvit hatt or skodda stangar Onen, og Døgro syng med tunge fossetonen.
Vassfjøra prud sitt blanke solslott lyfter i morgonglansen. Versky-krullar glir kring Hovd som grannekjend med Snikupp dryfter um jøtulkongen til hans bergdros frir, Eit snøland søv i sør som sylvskaut syfter or døkke djuv i gull og blå safir. Krøkt som ei ørneklo i himmelbrynet ris Kvasshovd upp i vest og stengjer synet.
I eldraud glo stend himlen aust um skardet, og ljose morgontindar skin i nord. Brått glimer solspjot gjenom furebaret og skuggesting ein rangsvævd, blådøkk fjord. Berglandet ljosnar. Yver linor harde dreg belar-bljuge smil mot dagsens mor. Blå brear brenn, og sylvbragl skin frå sjøar, og vinden vekkjer nattedogga bøar.
Ein ljuv oase blømer rundtum pollen der snøfjell speglar seg, og vindgul blès. Vent lyser Hakastad, og vid er vollen, og ljos skin kyrkja utpå Brakanes. Kvitskruda, krokne aplar bøygjer kollen, raudkanka greiner druper yver hès. I vårsælt vemod sorg og saknad grøtest når is og bjørkelauv i fjellet møtest.
Grå gardar ligg i aldeskogen. Une og skuggelogn og livd gjev gamle tre. Nytt tród er sett imot ei apalkrune som venglar blomar yver tunet ned. So heimekjent og kjært er dette tunet, det hev ein eigen ljos og signa fred. Og Torsteinsap'len millom krabb og krake hev breitt si krune yver skytjetaket.
På Angerskleiv der trur eg mange stogga og såg attende fyrr for godt dei drog. Og kanskje tåror augnakriken dogga då dei til avskil sine minne vog. Bjart blenkte Gauro under Løkvelogga, og grøn låg grenda millom sjø og skog. Men her var trongt, og svarte vintrar frøyser meir is kanhende enn ein vårdag løyser.
Frå gamalt bondens von og veg var staka, og husmannsfolk fekk lauva åt ei geit. Men kunde hjarteliv og lengslor klaka, so levde draumen. Segn og slåttar, veit eg, eig ein dåm som mang ein hug kan taka, og målet set so tidt ein lærd i beit. Det hev ein svip av bygda sjølv i draget, so blid ein ynde og so byrg ein brage.
Her vaks det menn i harde kvardagsstrevet, og vis manns råd er god i styr og stjorn. Dei gamle lukka fann, og kvinnor gjæve ol friske, glade, evnerike born. So mang ei hand bar merke etter grevet, men yver åkerreina lyser eng og korn. Bløm fagert heimbygd under grøne lida, stå samla søner um den nye tida. |