|
TEATERBÅTEN INNVIK MED
HAUGEPROGRAM
Hausten 1992 reiste teaterbåten Innvik rundt med eit program med Hauge-dikt. Her vart mange av dikta framførde i ei ny og moderne form. Dette viste spennet og høvet til ulike framføringsmåtar som alltid ligg i stor kunst. I Ulvik var båten den 26. november. Poeten sjølv var til stades, og han såg ut til å moroa seg over dei ulike påfunna med dikta hans. Det var litt spesielt for kunstnarane å framføra dikta i diktaren si eiga heimbygd og med Han sjølv til stades. Hauge fekk blomar av aktørane, og det var eit minnerikt møte mellom kunstnar, aktørar og bygdefolk.
|