|
MØTE MED OLAV H. HAUGE.
Som ein førti år yngre sambygding fekk eg dei fyrste opplevingane mine av Hauge gjennom dei vaksne som drog litt på smilebandet av dikt som "Sagbukken" og "Hoggestabben".1 Dikt var for samtida noko opphøgd og feststemt. Men dikta av Hauge vart for daglegdagse. Hauge møtte ein etter vegen eller på Brakanes. Høg og spenstig gjekk han turane sine til Handelslaget, og alderen såg ikkje ut til å bita på han. Det vart mange møte med Hauge i ulike situasjonar, men eg vil her freista å trekkja fram nokre av desse. Modernismen hadde si gjennombrotstid då eg gjekk på gymnaset. Eg kan hugsa at folk drog på smilebandet av Jan Erik Vold og Tor Obrestad. Den sistnemnde opplevde me i ein norsktime på gymnaset. Og til eksamen artium i 1969 skreiv me stil der oppgåva var å tolka og å samanlikna "Detalj av usynlig novemberlandskap" av Inger Hagerup med Einar Skjæraasen sitt dikt "August". Tilfellet ville at me hadde vitjing av Hauge heime kort tid etter. Eg viste Hauge kladden min for å få ein "ekspertuttale", ein slags førehandssensur av oppgåva mi. Hauge såg på stilen, men gav ingen kommentar og inga vurdering av tolkinga. Olav H. Hauge hadde stor respekt for dei eldre og etablerte diktarane, men på den tid var nok Hauge komen lenger og var meir i takt med annan europeisk litteratur enn dei eldre forfattarkollegaene. Og ikkje minst hadde han forlate den tradisjonen som framleis var rådande i norske gymnas og lærestader. Etter denne tradisjonen lærde ein visse tilnærmingsmåtar til dikt. Tolkinga fylgde eit mønster som "dei lærde" hadde tileigna seg. Dette var med og gjorde dikt til noko eksklusivt. Diktarane hadde ofte skrive for dei lærde. Modernistane og Hauge var med på å bryta ned denne tradisjonen.
Dette brevet fekk eg frå Hauge etter at eg hadde sendt han nokre elevdikt.
|