OLAV H. HAUGE OM SEG SJØLV

"Skam å seia det, men eg har aldri trudd at eg kunne reformera verda. Fyrst og fremst bør kunstnaren vera kunstnar. Det er vanskeleg nok."

 

"Grunnmotivi er vel stort sett dei same heile tidi; ein er den ein er, so lenge ein lever. Det kan nok vera at eg med åri har vorte litt minder egosentrisk og teke til å sjå andre menneske og tidi me lever i. Tematikk er sjølvsagt eit mangfaldig emne."

 

(Olav H. Hauge til "Bergens Tidende" 1981)

 

"Eg har hakka for mykje ugras og plukka for mange eple. Eg er ingen akademikar. Eg er ein røvar. Ein filister. Men det er ikkje sikkert det hadde kome fleire dikt om eg hadde hatt meir tid til å skriva. Kan henda hadde det ikkje blitt noko i det heile."

 

(Olav H. Hauge til "Bergens Tidende" 1991)

                                              wpe2B.jpg (1339 bytes)Til toppen!