EIN BAUTA PÅ BRAKANES OG I NORSK LYRIKK

 

Olav H. Hauge vart førd til grava 28 mai 1994. Det var ei tradisjonell gravferd i ord og tonar. Likevel vart dette ei gravferd utanom det vanlege. Kyrkja var fullsett av folk frå fjern og nær og frå ulike aldersgrupper og sosiale lag. Noko som fortel om spennvidda i diktinga hans. Det var mange helsingar frå både offentlege personar og frå ulike litterære og kunstneriske krinsar, som alle vitna om stor respekt for mannen og livsverket.

Einar Økland heldt talen ved båra. Han sa mellom anna at det var sårt å vera Hauge forutan, men ikkje vondt og einsamt fordi han var slik ein god mann. Økland las og diktet "Kirsebærtreet" som for Økland og mange andre vil stå som sjølve minnesmerket over Olav H. Hauge.

Det var ei gravferd i ei blømande bygd i angen av kirsebærtreet. Hauge vart køyrd til kyrkjegarden på Rossvoll, og båra vart dregen av ein blakk hest i gamal bygdetradisjon. Med hesten fylgde ein folunge som eit symbol på livet som held fram, og eit teikn på at Hauge si dikting vil leva vidare.

 

Den 25 mai 1995, nesten på dagen eit år etter Hauge døydde, vart Haugebauten avduka på Brakanes. Den om lag fire meter høge skulpturen og med ei vekt på 5,7 tonn er laga av Kristian Blystad. Olav H. Hauge ynskte ikkje noko bilete av seg sjølv, men gav lov til at det vart reist ein bauta over diktinga hans. Han valde sjølv ut det diktet som står hogge inn på baksida av bautaen. Det er diktet "Ogmund rid heim" frå samlinga "Dropar i austavind":

 

 

OGMUND RID HEIM

 

Du kunde godt venda heim.

Ingen jorsalfar hadde lenger veg.

Stengd av drivis i Kvitehavet.

Lange var elvane i Russland.

Med askespjot frå Spånheim

stod de ved Jeriko.

 

No rid du heim yver sletta i Ungarn.

Kveldssoli skin,

og vinden helsar frå nord.

Då ser du skautet på Vassfjøro.

Tårone dryp under hjelmen.

 

 

Ogmund er nemnd i soga. Han var i hæren til Håkon Håkonson som styrde i Noreg frå 1217 til 1257. Kring 1218 var Ogmund frå Spanheimi (Sponheim) med på ei ferd til landet kring Kvitesjøen. Ogmund for sørover med varene sine, medan ein annan vart att med kongen. Denne rauk uklar med kongen og vart drepen saman med mennene sine. Dette fekk Ogmund veta. Han reiste difor ikkje attende til kongen, men drog vidare til Novgorod og Jorsal (Jerusalem). Heimturen gjekk gjennom Aust-Europa. Soga fortel at det gjekk gjetord om denne ferda.

Vassfjøra har Hauge nemnt i andre dikt, dette fjellet er det høgste og mest karakteristiske kring Ulvikbygda. Skautet på Vassfjøra er ei poetisk omskriving for den breen som alltid ligg på Vassfjøra. Skaut er og namnet på hovudplagget som høyrer til Ulvik-bunaden, og som berre gifte kvinner har lov å bera.

 

Heile bygda var samla til avdukinga i fin maisol. Mange var kledde i bunad som på ein nasjonaldag. Ulvik skulemusikk og Ulvik blandakor framførde tonar og ord, og der var helsingar frå ordførar og Det Norske Samlaget. Einar Økland stod for avdukinga av Haugebauten.30 Han tok utgangspunkt i diktet på steinen og understreka temaet, som er det å vera under vegs og det å lengta heim.

Ogmund var med og gjorde Ulvik og Noreg kjent på 1200-talet. Mest 800 hundre år seinare har ein ny "ulvikje" gjort bygda og landet verdskjende med ordet sitt sverd.

Gravsteinen til Olav H. Hauge - Foto Steinar I. Bergo

InnskriftaDiktet på steinen lyder:

Innskrifta på steinen lyder:

Opna mine augo Herre

så eg betre kan sjå

underet - ikkje berre

avglansen utanpå.

 

Gartnarskuleelevar ved Haugebautaen - våren 1997

Foto: Steinar I. Bergo

                                          wpe2B.jpg (1339 bytes) Til toppen!