wpe2B.jpg (1339 bytes)   wpe2C.jpg (2242 bytes)   OLAV H. HAUGE VITJAR

GARTNARSKULEN.

wpe3C.jpg (70393 bytes)

Hjeltnes gartnarskule - grunnlagd 1901

wpe2B.jpg (1339 bytes) ****

Hauge gjekk som kjent til saman to år på Statens Gartnarskule på Hjeltnes. Dette var viktige år både for gartnaren og diktaren. Han skulle koma til å gjera seg god nytte av desse kunnskapane både i eplehagen og i diktarhagen.

Skulen har nok gjennomgått ein del endringar sidan den gongen Hauge var elev der. Mellom anna er norskfaget kome inn i dette skuleslaget som i all anna vidaregåande utdanning. Kanskje Hauge ville ha trivest endå betre på skulen i dag.

Som norsklærar ved skulen er det mange grunnar til å snakka litt om "gamle elevar", og me brukar ein god del tid på Hauge. Han har liksom dobbel tilknyting til skulen, og elevane kan identifisera seg med han yrkesmessig.

 

Grunnkurset som starta hausten 1992 har brukt ein del timar på Olav H. Hauge og diktinga hans. Elevane er blitt nyfikne på denne mannen, og då han i ein alder av 84 år framleis ruslar omkring i bygda, vil vi freista å få til eit møte med han.

Eg treffer Hauge i ferd med å kryssa Haldeplassen. Han kjem med lange steg slik eg har sett han på Brakanes i alle år. Eg snakkar til den grå uforanderlege skapnaden som alderen ikkje har bite på enno. Hauge er positiv til å koma på gartnarskulen. Han er ein etterspurd mann. Men han understrekar sjølv at dette vil han gjera gratis for elevane. Kanskje det gjev ei spesiell kjensle og minner han om si eiga ungdomstid å koma tilbake til Statens Gartnarskule. Me gjer ein rask avtale om tid, stad og henting, før han hastar vidare med kurs for Ulvik Handelslag.

 

Eg er på tunet hjå Hauge på Rossvoll litt før åtte som avtala. Fyrste timen på gartnarskulen byrjar klokka åtte.

Hauge dukkar opp i døra i strikkejakke og hatt. Under armen har han ei velbrukt skinnveske. Han gjer ein rask avtale med Bodil om henting på skulen klokka ni. 84-åringen har meir på programmet i dag. Han og Bodil skal køyra austover.

Klassen er på plass i klasserommet når me kjem til skulen. Forventningane er nok ulike. Nokre har sett føre seg ein olding med stav og gamle meiningar.

Men det blir ein annan norsktime enn dei har venta. Det er ein ungdom på 84 som møter ein flokk med ungdommar. Hauge les dikt som elevane kjenner igjen, og han les nye og ukjende dikt for dei. Men ikkje minst blir dei trollbundne av denne vitale "gamle" mannen som knyter dikta saman med ein glød som jamvel kan smitta over på ein tjueåring.

Han les om T`ao Ch`ien som kjem på besøk, og han fortel om det gamle Kina. I Kina var diktekunsten så høgt verdsett at ein komande statsmann måtte læra seg diktekunst for å få embete. Dette var ein arv frå Konfusius, kan Hauge fortelja. Hauge har ikkje berre kjennskap til Kina sin lange kulturhistorie, men han "kjenner" desse fleire tusen år gamle diktarane, kanskje betre enn han kjenner sine eigne sambygdingar.

Hauge viser artskunnskapen sin. Noko som imponerer og skaper kontakt mellom gartnarar. For mange er det nytt at musøyra er eit tre, ja det er verdas minste tre, kan Hauge fortelja. Og Hauge kan det latinske namnet, Salix herbacea.

Og Kissebærtreet høyrer med i ei slik framføring av dikt. Det har i seg både det lokale frå frukthagen og det eksotiske frå "japanske hagar og dikt". Her smeltar gartnaren og lyrikaren saman til det som er livet i ein sum.

Dikta, orda som knyter dei saman og mannen er ein heilskap. All annan framføring av Haugedikt av andre enn han sjølv vil berre verta ein avglans av denne opplevinga i ettertida.

Klokka nærmar seg ni, ingen gjev teikn av å vera trøytt. Mannen oppe på kateteret er og berre så vidt blitt skikkeleg varm, og han ser ut til å kunna halda på lenge. Han kjenner nok at her er kontakt mellom diktar og gammal gartnar og dei nye gartnarane. Og ein finn kvarandre i fag, tankar og ideear, og fellesskapen i den store hagen som heiter verda.

Men brått står Bodil i døra. Ho er der med bilen, og dei skal austover.

Eit par jenter har plukka ein blomebukett av naturblomar. Hauge tek mot buketten, takkar og gjev han til Bodil. Dikta er på plass i skinnveska og litt etter er poeten borte i døra. Det er uråd å byrja på noko nytt i norsk i dag, sjølv om dette er ein dobbeltime. Det har vore eit møte med utspring i kvardagen, men som har lyft ein ut over det kvardagslege. Ein spontan kommentar kjem frå ein bergensar: "Han hadde jo humor man`en!"

Desse elevane gjekk ut frå skulen i 1995, og inntrykket frå møtet med Hauge sat for dei fleste like sterkt i minnet som dei latinske namna på blomar og frukt.

Daffodil.wmf (11478 bytes)

                                          wpe2B.jpg (1339 bytes)  Til toppen!