|
"FYLG TANKEN"
Ulvik fekk sin eigen musikkskule i 1985. Til femårsjubileet laga musikkskulen i samarbeid med Kenneth Sivertsen eit bestillingsverk til denne markeringa. Verket var ei tonesetjing til diktet "Fylg tanken". Det vart øvd inn i mange fasettar av instrument og songvariasjonar. Her var det plass for ulike tradisjonar og aldersgrupper. Framføringa vart halden i Ulvik sitt nye kongressbygg. Bygdefolk og tilreisande fekk ta del i ei urframføring og ei eingongsoppleving skreddarsydd til dette høvet, til Ulvikbygda og Olav H. Hauge. Med hovdingen på fyrste rad og alle gode musikk-krefter samla, vart dette ei av dei store fellesopplevingane mellom diktar og bygdefolk i Ulvik.
Fylg tanken - men ikkje til ytste egg, og plukk ikkje kvar ein blom på nysprotten hegg.
Lat tankane koma og blåna or augneleite, og blomar på draumetreet hanga, kva dei so heiter. |