Dikta og bygda del 2       wpe2B.jpg (1339 bytes)Tilbake til side 1

Det å skildra tre og andre levande skapningar, har Hauge felles med mange lyrikarar. Men han gjer det på sin eigen måte, og det ligg oftast eit djupare alvor og ei personleg oppleving bak skildringane. Når Hauge lyfte blikket opp frå hagen, kunne han sjå ulike syn alt etter ver og sinnsstemning. På den andre sida av Osafjorden såg han "Elvi burtanum fjorden". Ho renn ned på framsida av Onen aust, sør-aust for Rossvoll. Namnet er Balaone på ulvikdialekt . I snøsmeltinga om våren kastar ho seg utfor berget som ein foss. Diktet er eit døme på korleis forma byggjer opp om innhaldet. Orda ramlar nedover sida liksom elva bortom fjorden fell nedover fjellsida:

ELVI BURTANUM FJORDEN

Ho dett og dett

i dag som i går,

dett i berg

der berre ørn

fyk -

dett i eino,

dett tungt mot fjell

utan ljod,

utan song,

strævar og dett -

velt fram

or giljar og gjøttor,

bullar

i kvitskjegget,

stoggar

og heng -

dett

i tidløyse,

dett

i marebunden draum -

fær ikkje ord fram,

ikkje ljod ...

 

Diktet er frå den tredje samlinga til Hauge, "Seint rodnar skog i djuvet". Dette at forma bygde opp om innhaldet, vart vanleg utover i 1960-åra. Diktet har såleis klart modernistiske oppsetjing, i tillegg kjem bortfall av rim. "Elvi burtanom fjorden" er omsett til engelsk, og mellom anna dei gamle norske orda i diktet er litt av ei utfordring for ein gjendiktar.

I nordaust kunne Hauge sjå eit anna fjell, Vassfjøra. Vassfjøra er med sine 1633 m.o.h. det høgaste fjellet i Ulvik. Du ser Vassfjøra best når du kjem inn fjorden. Elles er fjellet fint å sjå frå mange kantar. Det var "skautet påVassfjøra" (breen) som fekk Ogmund til å fella tårer då han kom heim att etter å ha vore på langferd. Og Vassfjøra er nemnd i Ulvikasongen. Namnet sitt har Vassfjøra fordi ho er eit vêrmerke. Når det legg seg ein skoddedott framfor Vassfjøra, blir det regn, sjølv om sola skin aldri så fint elles i bygda. Olav H. Hauge skriv:

INGENTING STEND PÅ

Vassfjøro har klædt seg

i sekk og oske

og drege hetta ned.

Dei hine fjelli laugar seg

i sein kveldssol, det er då

ingenting som stend på.

Uvêr yver Nordsjøen,

melder kringkastingi.

 

Litt aust for Vassfjøra ligg Kristinuten 901 meter over havet. Medan snøen ligg på dei høgaste toppan heile sommaren, blir han etterkvart heilt borte i lia framfor Kristinuten. Ja, når det er berre sju snøfenner att under nuten, er det varmt nok til å bada i Ulvik-fjorden. Hauge kjenner sjølvsagt til dette fenomenet, men han kallar snøfennene for "kvite kyr":

 

VINTEREN HAR GLØYMT ATT

Vinteren har gløymt att kvite kyr i fjellet,

der beiter dei i grøne hall.

Men vårsoli og graset er for sterke,

dei magrast for kvar ein dag.

 

Inst i fjordarmen ligg Snauholmen. Namnet kan verka misvisande på denne skogkledde øya i Ulvikfjorden. Men ei gammal segn fortel at snau har med å vera utan hovud å gjera. I eldre tider skal Snauholmen ha vore ein rettarstad. Her på holmen snaua dei hovudet av folk som hadde gjort grove brotsverk. I diktet "Holmen" ser Hauge meir overført på Snauholmen eller kanskje ein annan holme. Holmen blir eit bilete på den som er avskild frå dei andre, men likevel kjenner fellesskapet og felles røter med resten av verda. Dette er og nærast prosalyrikk:

 

HOLMEN

Einsleg, forvist

langt frå land,

strider holmen

på grufsen fjellsjø.

I stille næter,

når sjøen søv,

kjenner han berget under seg

breier seg tungt og veldig ut,

og vert eitt med landet.

 

Og i same samlinga ser Hauge rutebåten koma inn fjorden:

 

MORGON VED FJORDEN

 

Rutebåten bryt

svartstill sjø,

velter platejarn

mot grønt land.

 

Og det blir haust i eplehagen og på fjorden. Brislingfiskarane ligg og dunkar på fjorden. Dei ligg og lyser etter brislingen med sterke lyskastarar i mørke kveldar og netter. Brislingfisket har variert noko opp gjennom åra. Det var nok fleire brislingfiskarar i fjorden tidlegare. Og dei sette sitt preg på bygda med fiskelukt og kloggar. Men i dei seinare åra har det og til tider vore fiska godt i fjorden. Hausten er tid for å sanka saman forråd for vinteren både på sjø og land:

diktao5.gif (9403 bytes)

 

TID Å HAUSTA INN

 

Desse milde soldagane i september.

Tid å hausta inn. Enno er det tuvor

med tytebær i skogen, njupone rodnar

langs steingardane, netene losnar,

og svarte klasar av bjønnebær skin i kjerri,

trast leitar etter dei siste vinbæri,

og kvefsen syg ut dei søte plomone.

I kveldingi set eg stigen burt og hengjer

laupen frå meg i skuret. Skrinne bredar

har alt ei tunn breidsle av nysnø.

Etter eg er lagd, høyrer eg dunk frå brislingsfiskarane,

dei gjeng ut. All natti veit eg dei glid

med sterke ljoskastarar og leitar yver fjorden.

 

Fjorden og fjella har frå langt tilbake vore viktige element for folket kring Ulvikfjorden. Fjorden gav fisk og fjellet beite for dyra og jaktutbyte for folket. For å koma or bygda var det lenge enten båt over fjorden eller til fots over fjellet. Difor går det ei mengd med stigar over fjella i ulike retningar. Her har folk frå gammalt gått med krøter for å koma fram til sommarstølar og fjellbeite. Frå Osa kunne ein gå opp Nord-dalen og over til Hallingskeid, eller ein kunne gå Aust-dalen og koma til Finse. Men frå Osa til Ulvik var det lenge berre ein gangstig, eller ein måtte bruka båt. Ein kunne sjølvsagt bruka båt heilt fram. Men det er langt rundt Birjetangen, så det var vanleg å bruka båt til Øydvinstò og så gå eller køyra derifrå. Nede ved fjorden ved Øydvinstò var det forretning i eldre tid. Der var mest som eit lite sentrum. Nokre av husa er bevarte. I diktet "Gjer ein annan mann ei beine" kjem mykje av det historiske fram, samstundes som diktet har ein fin moral. Ja, heile menneskelivet sin etikk er samla i dette diktet:

 

GJER EIN ANNAN MANN EI BEINE

Han kom or fjellet, skulde heim,

fekk føring ifrå Osa

ut til Øydvinstò.

Og han var raust

og baud betal.

 

Men Osamannen

var ikkje fal:

 

Eg vil betala;

eg kan ikkje nå deg

med ei beine att.

 

So gjer ein annan mann

ei beine då,

sa Osamannen,

og skauv ifrå.

 

( beine = teneste)

 

Fjellbeita er framleis viktige i områda kring Ulvik. Men dei var endå viktigare før i tida. Musøyra er ein liten vokster som gjev god næring til alle dyr som beiter i fjellet. Han er kjend under fleire namn som fjellblokk og fjellmo. På latin heiten han Salix herbacea og høyrer såleis til vierfamilien. I fylgje Carl von Linnè er det verdas minste tre. Diktet om musøyra heiter "Fjellblokka kallar dei meg òg". Det står i debutsamlinga "Glør i oska" frå 1946.

 

FJELLBLOKKA KALLAR DEI MEG ÒG

 

Musøyra heiter eg,

fjellmo for sume,

og her i høgfjellet

høyrer eg til,

ei ørliti selje

på berre ein tume

men endå eit tre,

det minste av alle,

segjer Linnè.

Kulden er hard her

og vinden strid,

her kan ein kje stå

med kruna vid

og susa som askar

og almar i lid,-

ein lyt gjera seg liten

og krjupa i kne,

det er mykje å vita

at du er til

og at geiter og smale

vil knuspa din ved,-

meg leitar dei etter

mil etter mil,

sogningen

kallar meg smil.

 

Fjellet gav ikkje berre jakt og beite, men mange utslåtter låg heller høgt til fjells. Når det galdt å skaffa for til dyra om vinteren, nytta folk alle grøne bøter i inn og utmark og til fjells. Mange stader nytta bøndene løypestrenger for å få graset ned. Kvannskorane oppe med Stokkevatnet er eit døme på ei slik utslått. Det var Hakestad-bøndene som slo i Kvannskorane.

 

 

KVANNSKORANE

 

So godt kjem Hakestad-folket aldri til å kvila

som når dei hadde slept den siste råhøy-dotten

i ein raud understakk på strengen

ned or Kvannskorane.

Vinden svala godt der i solefallet.

Og det var godt å setja seg nedpå.

Dei hadde mest lov til det,

so høgt til vêrs.

 

No slær ingen i Kvannskorane. Men slåtta lyser

like grøn yver dalen, - du lyt leggja hovudet

dugeleg attyver skal du sjå dit.

Då eg var gut, låg strengen nede. Kvannskorestrengen,

sa me, med age og fylgde han med augo

til han kvarv i eventyr og gamledagar.

Og eg tykte det var ilt han skulle liggja nede.

 

Der flaten på Rossvoll sluttar i vest ligg Stette. Denne vesle bratte garden ligg rett mot sola og er ein av dei tidlegaste stadene om våren. Vårsola tinar fort snøen i bakkane, og bekken susar frisk og stri ned gjennom gjelet til han smeltar saman med elva Tysso lenger nede.

I "Dropar i austavind" gler Hauge seg over gjensynet med bekken etter at granene som skygde for utsikta, er borte. Det er nok eit døme på prosalyrikken frå denne tidbolken:

 

STETTARBEKKEN

 

Der ser eg Stettarbekken att,

eg har ikkje set han for granene hans Sjur.

Enno er han ikkje klenare karen

enn han gjer vinklar ned bratte berget.

 

Og i same stilen og synsretninga held han fram i diktet "I dag kjende eg" frå den same samlinga. Heilt i vest ligg Bergo. Og Hauge har sett sola gå ned over Bergahaugane mange gonger. Men solnedgangane har nok vore farga av ulike sinnsstemningar. Men i dette diktet opplever me ein diktar som er nøgd med dagens innsats og er i harmoni med naturen kring seg:

 

I DAG KJENDE EG

 

I dag kjende eg

at eg hadde laga eit godt dikt.

Fuglane kvitra i hagen då eg kom ut,

og soli stod blid yver Bergahaugane.

 

 

Mange av stadnamna i Ulvik har noko med berg i seg. Me har nett nemnt Bergo, frå før kjenner me Birje. Solbjørgo har og ei bøygd form av berg i seg. Det har sin pris å bu under berg. På Sygnestveit ved Osafjorden fekk dei røyna det i 1950-åra ein gong. Då vart mest heile garden dekka av eit steinras. Garden har sidan ikkje vorte rydda. No vert den grøne bota som er att, brukt til beite. Husa blir nytta som feriehus.

At fjellet kan vera lumsk, vitnar og namnet Bruravik om. Etter segna vart eit brullupsfylgje teke av eit ras som gjekk i fjorden då dei var på veg over i båt.

Ikkje langt frå Bruravik ligg Blåfjellet. Det er spådd at det skal detta i sjøen ein gong. Fjellet skal ha ei sprekke som utvidar seg. Tanken på Blåfjellet kan liggja nær når ein les Olav H. Hauge sitt dikt "Under bergfallet". Diktet er frå samlinga med same namn. Det var den andre samlinga til Hauge, og ho kom i 1951.

 

UNDER BERGFALLET

Du bur under bergfall.

Og du veit det.

Men sår din åker

og trør trygt ditt tun

og lèt dine born leika

og legg deg

som inkje var.

 

Det hender,

når du stør deg til ljåen

ein sumarkveld,

at augo sviv som snarast

yver bergsida

der dei segjer

sprekken

skal vera,

og det hender

du vert liggjande vaken

og lyda etter

steinsprang

ei natt.

 

Og kjem raset,

kjem det ikkje uventa.

Men du tek til å rydja

den grøne boti

under berget

- um du då har livet.

 

Ettertanken er typisk for mange Hauge-dikt, slik me til dømes møtte han i diktet om T`ao Ch`ien. Diktet "Under bergfallet" gjev sjølvsagt rom for abstrakte tolkingar i tillegg til den konkrete skildringa av det å leva under Vestlandsfjella.

 

Frå Blåfjellet eller frå Bruravik har ein fin utsikt til Bumannen. Bu ligg på den andre sida av fjorden, ein kilometer frå Brimnes i retning mot Odda. Bumannen er ein liten snøbre som kjem til syne tidlegare eller seinare på sommaren alt etter snømengd og temperatur. På eit visst tidspunkt formar snøen seg til ein manneskapnad. Hauge kjende han, og om Bumannen heiter det:

 

BUMANNEN

 

Snjovetter og kald vår.

Og Bumannen er

i hold att.

 

Det har vore skralt med han i det siste,

berre skuggen og tirande hjelpeløysa

som skrokk og skrokk,

til han hekk sjuande far i huset

i eit horn.

Du laut vera kjend i bygdi

skulde du sjå han.

Men han var der,

ei minning,

eit skrimsl.

 

Og i år er han

i makt att, -

solar seg på snaudfjellet

og ser etter

sine gjelikar.

 

Frå Bodil Cappelen har eg fått eit dikt som ikkje er trykt i noka samling. Diktet har vore prenta i eit blad som kom ut med nokre få nummer. "Almenningen" kalla dei bladet, og det kom ut i Sørfjorden. "Me legg bekken i røyr" heiter diktet og er skrive i 1953. Det renn lett som ein bekk, og forma er som eit røyr. Problematikken kring det å leggja vatnet i røyr er vel kjend i området. Men diktet handlar og om einsretting og eit samfunn som prøver å gjera alle like. Noko av same temaet finn vi og i diktet "Vegvalsen" frå samlinga "Spør vinden". Men om å temja bekken skriv Olav H. Hauge:

 

 

ME LEGG BEKKEN I RØYR

 

No, gamle bekk,

lyt du i røyr

og renna til fjords

i ein einaste køyr,

du fær ikkje lenger

klukka ned teigen,

kroka og svinga

og tru at du eig'n,

du fær ikkje lenger

breida deg ut

og kvila i hølar

og fossa i sprut,

gå under jord når

du finn det for godt

so dukka fram att

og hukra ei nott -

du fær ikkje lenger

fila ditt skarv

- uslipt stein

ligg att der du kvarv -,

du fær ikkje bera

rusk på rygg,

stå og diga i myri

og ala på mygg,

du fær ikkje frjosa

til iskul og svull

og drøymande innunder

syngja din sull,

du fær ikkje kjæla

ungar um fot,

gje drikke til fuglar

og tyrstande rot,

- knurr ikkje,

ta ikkje til ords,

no, gamle bekk,

skal du beint til fjords.

 

 

Eg sit der og tenkjer

på bekken og livet,

det er mangt som ein haustdag

i tankane svive.

Og bekken og livet

vind seg i hop

med leiking i lid

gjenom sukkande tid,

med gråt, med rop.

Bekken er komen

i røyr av sement.

Livet skal etter,

beint, plent.

Alt skal stemmast

i slok, i røyr,

me sjølve, dei hine,

kvar hund som gøyr;

her er veg for din fot

og feste for hond,

og leidi er lagd

for leitande ånd,

her er skule og skuffe

og hol for kvar plugg

- ingen skal lenger

på eigi hond luffe

og tru ei forunderleg verd

er hans -

nei, greidt skal det skura

frå vogge til grav,

til du som bekken

er komen i hav.

 

I 1941 var Statens Gartnarskule Hjeltnes 40 år gammal. I nokre gamle papir på skulen fann me ein kopi av eit dikt som var laga til dette festskriftet. Olav H. Hauge har skrive diktet og Edvard Danielsen har laga teikningane. I dette diktet kjem både gartnaren og humoristen Hauge fram:

*****

Hauge6.BMP (58608 bytes)

 

DÅ SMED-OLA SPRØITTE APLANE

 

Burti geila ligg smidja hans Ola

beint inni bakken, rett mot sola.

Han hev den der molen

med vinbær og kålen.

Men ovanum gjerdet

stend både plomme og pære.

Um hausten det lyste og raudna,

og Smed-Lina putra og pauna:

"Til vårs lyt du planta, du Ola,

so borna fær eple til jola".

"Ja, vert der 'kje fred,

so lyt det vel te",

grein Ola smed.

 

Um våren strauk Ola til Rame

og henta trea med same.

"Men trea må skjærast", sa mannen.

og "sprøyting må lærast", sa grannen.

_ Ola sette trea ved nova

til livd for bua og stova.

Dei fekk den pålagde skjøtsel

med vatning og rikeleg gjødsel,

og då han fekk stytt dei med soks,

sku' du berre set kor dei voks!

Dei lika veta og hiten

og vart kålande grøne i liten.

 

 

Men so tok trea til stura,

og Ola gjekk lenge og fura

fyrr han endeleg såg kvar det stakk.

Jau trea var fulle av makk!

Og Per som var kunnig, fortalde

at slikt var ei sykje på alde.

Han kom med råder og skjema

og la so sakleg ut sit tema

at smeden vilde ikkje bia:

I morgon sku' makken få svida!

 

 

So rørde han tobakk og såpe

med ungane storøygde glåpe'.

For no ska makken og lusa

bli passande øre og rusa.

Og Smed-Ola sprina og sprøytte

og miksa og blanda og bløytte.

- Men kreket og åtet

lika visst tobakken godt.

Dei vart litt sljoe og våte,

men lus krak som fyrr etter skotet,

og åmone maula på Glott.

Men då vart han Smed-Ola galen,

og det fall slike ordlag i talen

som stundom kan høva ein smed.

- So henta han lodde-lampen,

sette opp fræsen

og sveid yver kvart einaste tre!

Og truleg laut avåtet te....

Hauge5.BMP (79860 bytes)

                                           wpe2B.jpg (1339 bytes) Til side 3 !