|
DIKTA OG BYGDA
Ulvik i Hardanger Hauge hadde bygda og det nære som si inspirasjonskjelde samstundes som det fjerne kom nær gjennom bøker. Han er både lokal og universell i diktinga si. Ja, gjennom det enkle og nære finn Olav H. Hauge allmenngyldige og universelle sanningar. Eg vil i det fylgjande ta for meg nokre dikt som er inspirerte av lokale fenomen. Dette kan best gjerast av ein med god lokalkunnskap. Arbeidet kan vera eit bidrag til å knyta natur og kultur betre saman. Det kan vera eit supplement til grunnkurs naturbruk ved Hauge sin gamle skule, Hjeltnes gartnarskule, eller eit bidrag til andre interesserte Hauge-lesarar.Ulvik er ei fruktbygd med blømande hagar om våren, men sommaren og hausten kan vera kald og frukthausten er ikkje alltid like god. Men ein får vera nøgd med det ein får så langt mot nord. Bygda ligg på 61 breiddegrad.
Summaren var kald og regnfull. Epli vart grøne og flekka av skurv. Men eg plukkar og sorterar og staplar i kassane i kjellaren. Grøne eple er betre enn inkje. Bygdi ligg på 61° breidd.
Lat oss flytta oss til hagen på Rossvoll der lyrikaren sat og såg ut over verda det meste av livet. Og for å illustrera korleis han sameina det nære og det fjerne, så lat oss ta til med diktet om T`ao Chi`en. Her er lyrikaren i si største inspirasjonskjelde. T'AO CH'IEN Kjem T`ao Ch`ien på vitjing ein dag, vil eg syna han kissebærtrei og aplane mine, eg vil helst han skal koma um våren når dei stend i blom. Etterpå skal me sitja i skuggen med eit glas sider, kanskje kan eg syna han eit dikt - um eg finn eitt han likar. Drakane som skyt yver himmelen med gift og røyk etter seg, gleid stillare i hans tid, og fleire fuglar kvitra. Her er ingen ting han ikkje vil forstå. Meir enn fyrr har han hug til å draga seg attende til ein slik hageflekk. Men eg veit ikkje om han gjer det med godt samvit.
T`ao Ch`ien levde i Kina frå 364 til 427, så det er eit luftig tankesprang Hauge gjer her. Det var vel eit typisk trekk med Hauge at personar, historie, litteratur og forfattarar frå fjerne tider stod levande for han, kanskje meir levande enn folk frå samtida. Og han kjende mange av desse personane frå tidlegare tider så godt at han kommuniserer med dei direkte i dikta sine.
Og lat oss medan me er i hagen til Hauge, lesa diktet "Kissebærtreet". Dette diktet som Hauge sjølv truleg likte aller best å lesa for andre. Og det er av mange kalla Hauge sitt finaste dikt. Det ber fint i seg både det lokale og det globale. Me kjenner angen av det blømande treet i lyrikaren sin hage, men diktet ber og med seg eit pust frå meir eksotiske strøk. Kirsebærtreet Det stend eit tre i hagen og sprikjer i vårkalde dagen med skinande nysnjo-grein. Det duskar mot stoveglaset og drys yver fjordgamle graset blomane ein for ein.
Og det er kissebærtreet innanfor hageleet som blømer i tidleg vår. Mot gråe skytjeveggen luter den krokne leggen og signar oss atter eit år.
Tusund angande blomar brusar mot tak og plomar; heilagt og kvitt og stilt skin det i døkke næter og freden i tunet gjæter - ei jarteikn på vår og mildt.
Det speglar seg bljugt i strondi, og minner um austerlondi, um japanske hagar og dikt. Det tøygjer toppen i tråe mot alle snjofjell blåe, til vår i kulden vigt.
Kirsebærtreet er det treet som blømer fyrst. Det har ikkje mykje å seie økonomisk for gartnaren, men det er det fyrste teiknet på ein blømande vår. Det blømande treet ber med seg bod om noko som står for døra, og det gjev tanken venger. Kirsebærtreet har noko eksotisk over seg, samstundes som det er eit kjent tre for ein gartnar. Men Hauge skriv og dikt om dei meir tradisjonelle trea han såg kring seg. Han har kunnskapar om andre tre enn dei som finst i frukthagen. Han har god artskunnskap og kjenner ein ask frå ei osp og ei eik frå ein lønn. Om bjørki har Hauge skrive to dikt. I samlinga "Under bergfallet" (1956) er bjørka omtala slik:
Bjørk i fureskog - ei grøn fane i ung vår. Men furua er myrk og stur.
belar - er til slutt ljos loge. Men furua er like tung.
Då kastar bjørki dei gule bladi, og stend att kald med rim på nake ris.
I "Dropar i austavind" frå 1966 skriv han om bjørki på denne måten: BJØRKI Han hadde lagt merke til ein ting, sa Gamle-Halvor, og det er at bjørki veks berre um morgonen. Men dette trur eg er tøv. Eg trur ein veks med ein søv. Samanliknar ein desse to dikta, som kom ut med 20 års mellomrom, finn ein at diktet frå fyrste samlinga har moderne trekk. Det manglar rim. Men det er nokså regelmessig i oppstillinga. Stemninga i det fyrste diktet er tung og er farga av Hauge sin livssituasjon, og teiknsetjinga er om lag som i normalmålet. Det siste diktet er mykje lysare. Her ligg humoren på lur i slutten av strofa.
Diktet "Ospi" finn me og i "Dropar i austavind". Det liknar mykje på "Bjørki" i frå den same samlinga. Me kan sjå at dei er skrivne i same tidbolken. Glimtet i auga er der, og stilen er den same, men dette diktet har likevel eit par rim: OSPI Eg veit korleis flinten blir til, sa ospi, og blikra ved led, ho er seig som vassdrukken ved. Og seigjer dei sant, skal det finnast blå diamant.
Og Hauge har ikkje berre sett trea i sin sommarskrud. I ungdommen skriv han om "Frostskadd apal" og "Is-soleia". Dei fortel om ei kald og vanskeleg tid, og har begge klare sjølvbiografiske drag. Gud vite kva som kom åt deg, stakkars skrøpelege krake, som berre vil bløma og bera og stå og luva på rot. Dei hine renn ljose og rake, men du gjeng heller tilbake og kryler deg marki imot, brodda med sporar og spjot.
Varsamt løyser eg torva og høgg av ei rot med spaden. Inni er berre svartved etter ein kuldebolk. Løynleg du leid av skaden og sturde i svellande svaden halvt millom liv og daude og stod der til spott for folk.
Sparsam jordsogi sevje og tungvunne salt i auren du gøymde i sella og knytte i duld til kvilande knupp. Svarte var åri, og mauren jakta på lus i lauvet, til knuppane braut ein vår og armodi lyste upp.
Merkt, og minna um døden vaknar livet i angest som det har lenge sove framfor sin undergang...
Armaste livet gøymer ein draum attum hjarteblad. Såri til ulivs samlar den rotskadde apalen saft til frukter med rike kjernar. Og skalden samlar kraft og høgg sine syner i laft i endå eit siste kvad.
"Apal i snø" frå "Dropar i austavind" tjue år seinare er ein sonett7. Det er såleis eit svært bunde dikt. Det er og eit vinterbilete, men tonen her er meir optimistisk. Her ligg draumen bak den kalde vinteryta: Ein apal utfor glaset i låg sol blør, bøygd ned av snø. Atthangande, skrukka blad skrøyver munaleg upp hans bør; i epli som heng att, har fuglar plukka.
Han stod i snø i vår, stod søt og ør i humlesurr og gav og tok av lukka; og bladi smidde, nøytte alle glør, til struten kart i lauvet mulen rukka
og vart til eple, kantute og grå. Dei laga skurv og tege rosor på, alt med dei rodna under doggi blå.
Dei datt i doggvått gras, og regn og vind sleit lauvet av han. Av solkraft sogi inn byggjer han draumar att bak borkgrå kinn.
Me tek med endå eit dikt om ein apal. Det handlar om det gamle som må vika for det nye og den nye tida. Både eplesortar og tankar kan verta for gamle og ukurante. Ved å fjerna det gamle kan ein sjå klarare. Det gjeld både utsynet over fjorden og klarsyn for tanken. Men utviklinga har både positive og negative sider. Noko går tapt med det gamle. EG HOGG NED DEN STORE APALEN UTFOR GLASET Eg hogg ned den store apalen utfor glaset. Han skygde for utsyni, det var eitt, det vart skumt i stova um sumaren, dessutan vilde ikkje Gartnarhallen ha Flaskeeple lenger. Eg tenkte på kva far min vilde ha sagt, han lika den apalen. Men eg hogg han ned.
Det vart ljosare, eg kan sjå ut fjorden og elles fylgja betre med på fleire kantar, huset kom meir i berrrsyni, viser meir att.
Eg vil ikkje vera ved det, men eg saknar apalen. Her er ikkje som fyrr. Han livde for vinden og gav god skugge, soli glytte gjenom greinene inn
på bordet, og um nætene låg eg ofte og lydde etter susen i lauvet. Og dei Flaskeepli, det finst ikkje betre eple ut på vårparten, dei har så fin krydda smak. Det gjer ilt kvar gong eg ser stubben; når han er morken, skal eg brjota han upp og slå han sund til ved.
Sørvest for kyrkja låg det gamle skulehuset der Olav H. Hauge hadde lært å lesa og skriva. Den 25. april 1940 brann skulen ned under det tyske angrepet på Ulvik. Det vart sett opp ei brakke på staden. Men i 1952 vart det bygt ny skule på Skeie. I diktet "Skuleplassen" teiknar Hauge eit bilete frå si eiga skuletid, men situasjonen er ikkje ulik den nokon kvar har vore vitne til.
Når klokka ringjer for fyrste timen, ligg skuleplassen att som eit konkret dikt.
Tett trakk av gruppor framfor inngangen sakleg dryftande månerakettar og sekundar i St.Moritz.
Halvferdige snømenner stend att etter dei minste.
Rundt veggene far etter einstødingar, der stod han og ho.
På uthusveggen ei spræne av snøballar, ei knust rute på do, yver døri til styraren eit svivyrdsleg kast.
Bokstavar i snøen: Solveig + Knut, Åse + -- han rakk å strjuka det ut.
Ute på plassen bol etter slagsmål, dropar av naseblod og ein grøn vott.
Ute i fjorden på søraustsida ligg den veglause grenda Bagne. Her er ein gard som blir kalla Brunnen. Her er lite sol og jorda heller skrinn. I grenda bur det to eldre menneske i periodar av året. Men ein gong hadde Bagne jamvel sin eigen skule, og rutebåten gjekk innom. Sjølv ein slik gard som Brunnen kan under særlege vêrtilhøve få eit kronår, jamvel når andre opplever ein dårleg haust. Om eit slikt år er det Hauge skriv i diktet "Brunnen10". Men mannen i Brunnen opplever lita glede ved å ha god avling sjølv, når dei andre ingenting har: Han sat der i ein baksølt brunn, der blåflis gret på vassjuk grunn, der åkeren jamt vart grøn og graset stutt, og armod løn.
Eit krunår fekk han i si tid, for gje kan ogso leir. Folk segjer at han bad Gud gje eg aldri fekk det meir.
Hjå hine kom ikkje korn på staur det året; bygdi skein som aur.
Dei hermer ordi, som ei prøve, helst, på gaum og sinn, som eldflar kveikt i gufsut vind.
blåflis = ein grasart baksølt= lite sol
Me har teke utgangspunkt i det nære, hagen og trea omkring. Det er sjølvsagt ikkje meint å vera ein fullstendig gjennomgang av korleis Hauge brukar det nære miljøet i diktinga si. Men meiniga er å visa samanhangen mellom natur og dikt, og å visa korleis motiva blir farga av kjensler og tankar i ulike livssituasjonar. Bortsett frå sonetten som stiller absolutte krav til forma, så viser dikta ei utvikling frå meir tradisjonsbunden dikting til modernisme.
Og me held oss på tunet på Rossvoll og katten møter oss:
KATTEN Katten sit
i tunet når du kjem. Snakk litt med katten. Det er han som er vardast i garden.
|