|
Hausten 1996 let Bodil Cappelen trykkja breva som ho og Olav H. Hauge skreiv til kvarandre før ho kom til Ulvik, og dei vart gifte. Brevsamlinga visar utviklinga frå den fyrste varsame brevkontakten til eit varig kjærleikstilhøve. Sterkast inntrykk gjev kanskje det vakre diktet "Teppet" som Olav H. Hauge skreiv til Bodil. Diktet har ikkje stått i noka samling. Det vart fyrste gong offentleggjort ved at Bodil Cappelen las det på museet på Utne 29. juli 1995. I "Brev 1970-1975" kom det fyrste gong på trykk. Jan Erik Vold har kalla det for eit av verdas vakraste kjærleiksdikt. Olav H. Hauge nemner diktet i brev til Bodil Cappelen, eller til "Kjære Bodil" som han skriv no den 12. januar 1975. Men han røpar ikkje noko om innhaldet. "Ja, eg har endåtil laga eit dikt eg fær kalla Teppet, i alle fall heiter det so enno. Det er til deg,- du fær sjå det når du kjem." I diktet ber ein var og tilbakehalden mann om ei kvinne si hand. Vakrare og betre vove til personen kunne neppe nokon ha gjort det!
Vev meg eit teppe, Bodil, vev det av syner og draumar, vev det av vind - Slik at eg, som beduinen, kan breida det ut når eg bed, sveipa det um meg når eg søv, og kvar morgon ropa: Bord duka er! Vev det til ei kappe i kulden, til eit segl på min båt! - Ein dag skal eg setja meg på teppet og sigla burt på det til ei onnor verd.
|