OLAV H. HAUGE

- Ein biografi

* Bardom

* Gryande dikting og læreår

* Debuten

* Modernisten

* Kjærleiken

Denne innleiande biografien om Olav H. Hauge byggjer for ein stor del på Hauge si eiga forteljing i samtale med Olav Vesaas. Desse samtalane vart sende i fem program på P2 i desember 1994. Opptaka er gjorde året før forfattaren døydde. Men eg har og supplert med eigen kjennskap og kunnskap som sambygding av Olav H. Hauge. I tillegg har eg gjort ein del tilvisingar til personar og forfattarar som hadde betydning for Olav H. Hauge si utvikling.

Tilbake!

- Barndom

Olav Håkonsson Hauge vart fødd på Hakestad i Ulvik den 18. august 1908. Han var den mellomste av fem sysken. Han kom til å leva heile livet sitt i denne bygda. Bygda og livet i Ulvik har prega diktinga hans, slik at bygda, naturen og livet heng nøye saman med det han skreiv, slik det gjer med mange andre av dei store forfattarane våre.
Far til Olav H. Hauge, Håkon, kom frå Hauge i Lærdal i Sogn. Håkon var anleggsarbeidar og bonde. Han hadde kjøpt garden på Hakestad, men det var kona og bror hennar som dreiv garden medan Håkon sjølv mellom anna arbeidde på Bergens-banen.
Olav H. Hauge måtte tidleg ta del i arbeidet på garden. På Hakestad var det teigblanding, men i 1912 vart det utskifting. Det vil seia at jorda vart fordelt på nytt, slik at kvar gard fekk eit samanhangande jordstykke. Håkon flytta til det området på garden som han fekk tildelt. Han slutta på anlegg og bygde stove og løe på det nye stykket.
Olav likte å gøyma seg bort for å lesa, og det vart tillate då det var den to år eldre broren Pål som skulle ha garden. Mor deira, Katrina, var av ei Hardanger-slekt som hadde ått garden på Hakestad i mange hundre år. Ho las bøker av Jens Tvedt og religiøs litteratur som ho kjøpte av folk som reiste rundt og selde bøker. Katrina levde til ho var 102 år gammal.
Olav var ikkje så interessert i å lesa religiøs litteratur, men han lånte bøker på biblioteket. Det var ein av grannane, Magnus Hakestad, som fekk Olav til å låna bøker på biblioteket. Magnus Hakestad hadde vore i Amerika i 37 år då han kom tilbake til bygda. Han var svært interessert i litteratur. Seinare overtok han leiinga for folkeboksamlinga Ulvik. Når det galdt verdslitteratur hadde boksamlinga mange danske omsetjingar av ulike kjende forfattarar. Olav H. Hauge las tradisjonelle ungdomsbøker av Marryat og Cooper, men byrja og tidleg å lesa dikt i lesebøker og i Gula Tidend. Den fyrste boka han stava seg gjennom etter at han hadde lært å lesa, var Synnøve Solbakken. Den boka hadde den eldste broren lånt på skulebiblioteket. Denne broren døydde i Spanskesjuka, og boka blei liggjande heime etter at han var død. Synnøve Solbakken las Olav på ein heil vinter. Det var dårleg med lampeljos, så Olav måtte lesa i ljosken frå spjeldet på ovnen. Boka gjorde eit sterkt inntrykk på han.

Tilbake!

- Gryande dikting og læreår

Sjølv byrja Olav å skriva i femtenårsalderen. Modellar fann han i nynorske forfattarar som t.d. Aasmund Olavson Vinje og Ivar Aasen. Og elles fann han dikt i Norsk Barneblad som faren tinga til han. Men Olav torde ikkje publisera noko av sine eigne dikt då. Tom Sawyer av Mark Twain gjekk som føljetong i Norsk Barneblad på den tid. Denne boka gjorde og stort inntrykk på Olav, og då han seinare fekk sjå ho i Handelslaget, for det var ikkje bokhandel i Ulvik den gongen, måtte han kjøpa ho. Han sa ein gong at han hadde stole dei naudsynte pengane, og over 80 år gammal kunne han fortelja at han hadde boka framleis.
Litteratur på engelsk var det Magnus Hakestad som sytte for. Magnus kjøpte og inn engelske lettlesingsbøker for å få ungdomar i Ulvik til å lesa engelsk litteratur. Olav var berre femten år gammal fyrste gong han lånte engelske bøker på biblioteket hjå Magnus. Hauge las heile Tarzan-serien. Ved hjelp av ei lita reiseordbok stava han seg gjennom bøkene
Olav H. Hauge hugsa ikkje heilt når han fekk det fyrste diktet på trykk, men han var ikring 20 år gammal, og det fyrste diktet vart truleg trykt i Bergens Arbeiderblad. Det var ei omsetjing av Robert Louis Stevenson. Han hadde då lært seg så godt engelsk at han kunne gjera ei slik omsetjing. Magnus Hakestad hadde lånt Olav engelske tidskrift og hjelpt han med å læra språket. Olav hadde og gått på eit engelsk-kurs ein vinter.
Olav H. Hauge var seks år då den fyrste verdskrigen braut ut. Han kunne fortelja at det låg mange store krigsskip med fleire tusen mann i Ulvikfjorden den sommaren krigen byrja. Ulinga frå sirenene då båtane vart kalla inn til krigsteneste, gjorde eit sterkt inntrykk på ein liten gut. Keisar Wilhelm var på den tida på segling i Sognefjorden. Det var og mange britiske turistar og lordar som vitja Ulvikbygda i Hardangerfjorden også på den tid. Det var tre store hotell i Ulvik i byrjinga på 1900-talet. Turistane var ein framand overklasse som spaserte omkring i bygda. Men dei var ein pust frå uteverda og frå andre kulturar og språk.
Interesse for språk og litteratur fylgde Olav H. Hauge frå tidleg ungdom. Etter framhaldskulen fylgde den toårige realskulen eller middelskulen som han heitte då. I Ulvik var der ein privat realskule . Sidan han var privat, måtte elevane gå opp til eksamen i alle fag. I fyrstninga måtte elevane til Voss for å ta eksamen, seinare kom sensorane til Ulvik, slik at eksamen kunne haldast på skulen. På slutten av andre året fekk Olav ein nyresjukdom som batt han til senga i eit halvt år. Hauge fekk difor ikkje fullstendig eksamen frå middelskulen. Men pensum var for det meste gjennomgått, og i engelsk hadde han alt tileigna seg betre kunnskapar enn det som var pensum på middelskulen. Dette skuldast nok hjelp frå Magnus Hakestad og Hauge si tidlege interesse for engelsk språk og litteratur. Det andre framandspråket på middelskulen var tysk. Dette språket skulle Hauge koma til å arbeida vidare med på eiga hand, og han lærde både tysk og fransk så godt at han seinare kunne omsetja dikt frå desse språka.
Olav H. Hauge var ein heller einsam ungdom. Det var bøkene som fylte tilværet hans. I tillegg til skjønnlitteratur interesserte han seg for historie. Han fortalde sjølv at rekna kunne han ikkje. Og det var hovudgrunnen til at han ikkje søkte seg på landsgymnaset på Voss. Han var overtydd om at han kom til å stryka i matematikk. Så sjølv om foreldra hadde hatt råd til å senda han på Voss Landsgymnas, så torde han ikkje, og difor vart han gåande heime på Hakestad.
I staden for Voss Landsgymnas byrja Hauge på Statens Gartnarskule på Hjeltnes i Ulvik våren i 1929. Hauge var då 21 år gammal. Statens Gartnarskule Hjeltnes, som i dag heiter Hjeltnes gartnarskule og er ein fylkeskommunal skule, var då som no eit senter for gartnarutdanning. Skulen fylgde då, og i mange år etter, den naturlege årsrytmen. Det var grunnen til at elevane byrja i vårhalvåret. Sjølv om Olav var frå bygda, budde han på internatet på skulen.
Vebjørn Ohnstad skreiv ein attest til Olav H. Hauge i 1930. Der heiter det: "Eg kan vitna at han er meir enn vanleg evnerik og flittig gut; serleg synte han framifrå evner og lærehug i språk. Eg torer trygt segja at han er den flinkaste elev eg nokor tid, - i min 25 års praksis som lærar - hev havt i norsk."
Etter eit år på Hjeltnes reiste han på Ås landbrukshøgskule og arbeidde som lærling i drivhuset der. Dette var fyrste gongen Olav var på austlandet, og han vitja Oslo for fyrste gong på vegen til Ås. Han overnatta på eit hotell i Oslo, og dagen etter nytta han til å sjå seg omkring i hovudstaden. Etter kart leita han seg fram til Vår Frelsers gravlund og fann gravene og monumenta til dei store norske diktarane Ibsen, Bjørnson og Wergeland. I tillegg til Nasjonalgalleriet var Helhesten på Nordstrand viktige punkt for ein kultur- og litteratur- interessert vestlending på vitjing i hovudstaden for fyrste gong. Dette viser og at alt då gjekk gartnaren og litteraten hand i hand. Om kvelden tok gartnaren over. Då bar det vidare til Ås.
Olav H. Hauge arbeidde på Ås til om hausten same året. Det vart berre eit Oslo-besøk til medan han var på Ås. Han fekk eit par gode vener medan han arbeidde der. Hauge hugsa namnet på dei, sjølv over 60 år etterpå. Den eine av dei var Kristian Krafft, fortalde Hauge. Saman reiste dei til Oslo den 18. mai 1930. Dette var ikkje nokon vanleg dag etter nasjonaldagen i hovudstaden, men dagen etter gravferda til Nansen. Byen bar preg av det, og gjorde eit uutsletteleg inntrykk på dei vitjande.
Om kvelden var karane på Nasjonalteateret og såg eit engelsk stykke. Det gjorde kanskje ikkje så stort inntrykk, sidan Hauge ikkje kunne hugsa kva det heitte. Derimot gjorde Johanne Dybwad sitt spel inntrykk på Hauge saman med fyrstegongsopplevinga frå Nasjonalteateret.
Våren i 1931 bar det til Leikanger i Sogn. Der fekk Hauge arbeid på Statens forsøksstasjon for fruktdyrking. Bortsett frå høgste vinteren kom han til å arbeida i Leikanger i tre år.
Etter dei tre åra i Leikanger, gjekk Olav H. Hauge eit år til på Statens Gartnarskule på Hjeltnes. Han var då utlærd gartnar etter som krava var då. Men Hauge kom aldri til å bruka desse eksamenspapira til å søkja jobb. Kunnskapane kom han likevel til å nytta i hagen sin heime, og botanikk-kunnskapane kunne nyttast i diktinga og. Hauge meinte at mange moderne forfattarar manglar artskunnskap både til plante- og dyre-riket. Ivar Aasen og Henrik Wergeland derimot var gode døme på forfattarar som hadde stor kunnskap om planter og dyr. For Hauge var heller ikkje eit tre berre eit tre, men ein ask, ein alm eller eit musøyra. Olav H. Hauge kjende ei mengd med blomar og fuglar. Dette er med å gjera diktinga rikare og opplevingane meir nyanserte.
Olav H. Hauge hadde mykje vanskar i ungdomsåra. Etter at han var komen tilbake til Sogn etter endt gartnarutdanning, vart han sjuk. Dette var byrjinga på ei lang sjukdomssoge med fleire innleggingar på Valen psykiatrisk sjukehus i Sunnhordland. Han seier i samtale med Olav Vesaas at handsaminga han fekk, var "mat og juling". Behandlinga var sjokk utløyste av sprøyter eller elektrisitet. Ideen hadde lækjarane frå erfaring med epileptikarar. Ein trudde ein epileptikar blir klarare etter eit anfall, og på same måten skulle ein psykiatrisk pasient verta lækt, etter å ha mist minnet for ei tid. Dette var i psykiatrien sin "barndom ", og ein kan gjera seg tankar om andre og verre metodar som var i bruk på den tid.
Med betre periodar innimellom skulle denne vanskeleg tida for Hauge vara fram til nokre år etter krigen. Han hadde skrive dikt og omsetjingar i gode periodar i desse vanskelege åra, men han skreiv ingenting medan han var på Valen. Olav H. Hauge sa sjølv i samtale med Olav Vesaas at mykje av dikta frå denne tida kom bort.

Tilbake!

- Debuten

Han sende ein del omsette dikt til "For Bygd og By" som Arne Falk var redaktør for. Hauge og Falk møttest seinare, og Falk hugsa dikta til Hauge. Den fyrste diktsamlinga kalla han "Glør i oska". Ho kom ut i 1946. Dikta var hovudsakleg skrivne medan han var heime i Ulvik under krigen. Ein ven frå Ulvik, Oddvin Reisæter, var den einaste som hadde fått lese dikta til Hauge tidlegare. Oddvin fekk sjå dikta når han var heime i Ulvik. Etter krigen tok Oddvin samlinga med seg til Noregs Boklag. Før ho kom ut vart Hauge sjuk att, og Olav las difor korrektur på diktsamlinga medan han var på Valen sjukehus. Olav H. Hauge var såleis 38 år då han debuterte. Og "Glør i oska" kosta kr 2,10 i utsal.
Johs. A. Dale som og hadde vore konsulent på dikta til "For Bygd og By" tidlegare, omtala den fyrste diktsamlinga til Hauge. Dale var fast meldar i Bergens Arbeidarblad og melde "Glør i oska" i bladet og seinare i NRK.
Den neste samlinga, "Under bergfallet", kom fem år seinare (1951). Denne samlinga fekk og gode meldingar. Med to utgjevne samlingar kunne Olav H. Hauge søkja opptak i Den Norske Forfattarforening. Han søkte og vart medlem fyrst i 50-åra. Hauge kom aldri på noko møte i Forfattarforeininga. Han vart spurd om å verta medlem av Det litterære rådet, men takka blankt nei til det. Han såg det meir som ei straff å måtta lesa og ha ei meining om alt som kom ut.
Etter den tredje samlinga, "Seint rodnar skog i djuvet", som kom i 1956, møtte Hauge Øyvind Dybvad og Ragnvald Skrede i Oslo. Dei ville visa Hauge rundt i Oslo. Og det fyrste dei synte han, var Helhesten!
Olav H. Hauge hadde gjort mange turar til Oslo sidan den fyrste på vegen til Ås. Han hadde ofte reist ein tur om haustane for å kjøpa bøker. I det engelske tidsskriftet "Encounter" som Hauge tinga i 30 år, heilt til det gjekk inn, fann han bokmeldingar frå heile verda. På den måten kunne han orientera seg i litteraturen og få idear til innkjøp. Men han vitja aldri nokon på desse turane, men var etter kvart blitt godt kjend i hovudstaden.
Bygdefolket viste lita interesse for bøkene. Etter spurnad frå ein interessert person bestilte bokhandelen eitt eksemplar av den fyrste diktsamlinga.
I 1961 fekk Olav H. Hauge kritikarprisen for samlinga "På ørnetuva". Modernisten Paal Brekke og Rolv Thesen saman med Skrede og Johs. A. Dale hadde vore dei aller fyrste til å gje positiv omtale av Hauge. Men det var særleg Jan Erik Vold og krinsen kring tidsskriftet "Profil" å takka at Hauge for alvor vart kjend. Jan Erik Vold skreiv ein stor artikkel om Olav H. Hauge i "Samtiden" . Jan Erik Vold skulle seinare bli ein av dei næraste forfattarvenene til Hauge. Han vitja Hauge mange gonger i Ulvik, og dei stod jamleg i brevkontakt med einannan.
I tillegg til "Profil" og "Samtiden" vart mange Haugedikt gjorde kjende gjennom andre tidsskrift som Vinduet, "Basar" og "Syn og Segn".
Olav H. Hauge har vorte kalla europear. Men augo hans gjekk endå vidare, og han var vel meir ein verdsborgar, ein kosmopolitt. Likevel var han sterkt engasjert imot ein europeisk union. Han såg ein union som eit trugsmål for folkestyret, men og som ein fare for det særnorske, og særleg farleg for det levande bygde- og kystsamfunnet. Han hadde eit vidsyn for tanken som ikkje kjenner landegrenser, men eit hjarta for det lokale, for hagen og for bygda. Han var vestlending, og sjølvironisk sa han at vestlendingen "er meir slu og inneslutta" enn t.d. austlendingen. Han viste gjerne til Hans E. Kinck når det galdt å skildra vestlendingen på ein rett måte.
Europearen Hauge var godt orientert i lyrikken i samtida. Hauge meinte at eskimoane hadde den beste folkediktinga. Dei hadde større fantasi og visdom enn andre diktarar. Olav H. Hauge meinte det er ein samanhang mellom geografi og klima og god dikting. Til lenger mot nord ein kjem og di kaldare klimaet er, di betre ligg tilhøva til rette for tid til tanke og dikting. Elles såg Hauge det som ei lov at det er samanhang mellom det å ha det fysisk og psykisk vondt og god dikting. "Berre gode dagar skaper ikkje stor dikting".
Olav H. Hauge sine dikt er omsette til 25 språk. Sjølv omsette Hauge dikt frå tysk, engelsk, og frå fransk (mellom andre Rimbaud og Verlaine). Trass i at han sjølv omsette dikt, såg han klare avgrensingar i arbeidet med å setja om dikt. Han meinte at mykje vert borte når dikt vert omsette. Ein kan formidla orda, men poesien og spennet vert borte, sa han. Kvart språk har sin tone. Somme diktarar som Olaf Bull, og Gustav Fröding, let seg ikkje omsetja. Det er uråd å få med både innhald, rim, rytme og poesien i eit bunde dikt. Litt lettare er det å setja om frie vers, men noko vert alltid borte. Olav H. Hauge sa og at stundom kunne eit omsett dikt bli betre enn originalen, fordi gjendiktaren gjer originalen betre.

Tilbake!

- Modernisten

Olav H. Hauge sine diktsamlingar skulle koma med fem års mellomrom. Den fjerde samlinga "På ørnetuva" kom såleis i 1961. I "Dikt i utval" (1964) vart ein del av dei tidlegare dikta gjevne ut på nytt. Men det var fyrst med "Dropar i austavind" i 1966 at Hauge for alvor hadde vorte modernist. Han fortel med humor om seg sjølv som modernist i diktet "Gamal diktar prøver seg som modernist" frå "Dropar i austavind".


GAMAL DIKTAR PRØVER SEG SOM MODERNIST

Han fekk hug til å prøva
desse styltrone.
Han har kome seg upp,
og tek til å stiga som ein stork.
Underleg, so vidsynt han vart.
Han kan endåtil telja sauene til grannen.

Den fyrste diktinga hans hadde på mange vis vore bunden i form og tema. Bortsett frå Rolf Jacobsen skreiv diktarane fram mot 1950 ( Halldis Moren Vesaas, Olav Aukrust og Olav Nygard m. fleire) tradisjonelle og bundne dikt.
Rolf Jacobsen hadde alltid skrive moderne dikt. Dei var moderne både i form og i val av motiv. Paal Brekke kom etter med diktsamlinga "Skyggefektning" i 1949. Seinare fylgde Jan Erik Vold, Tor Obrestad og Olav H. Hauge på. Hauge gav ut ei samling omsette dikt, "Utanlandske dikt", i 1967. Modernismen og det frie verset hadde gjort omsetjing av dikt lettare.
Dei moderne diktarane samla seg rundt tidsskriftet "Profil". Modernismen i litteraturen og opprøret i 1960-åra hekk saman. Me fekk ein reaksjon mot det tradisjonelle og bundne både i samfunnet og kulturen. Ein fridom på alle område vart resultatet. Det galdt alt frå form og motiv i diktinga til likestilling og seksuell fridom. Me kjenner omgrep som Woodstock, "flower power" og "sekstiåttar".

Dei moderne diktarane i "Profilkrinsen" * og Olav H. Hauge fann kvarandre i gjensidig forståing og åndeleg fellesskap. Hauge var då ein mann på om lag 60 år, medan dei fleste av modernistane var unge og hadde nyleg debutert.
I fylgje Olav H. Hauge hadde gamal kinesisk litteratur mykje å seia for framvoksteren av det moderne
diktet i Noreg. Og då kinesiske dikt tok til å verta omsette til frie norske vers, gav dette inspirasjon og grobotn for det moderne frie verset.
Når det galdt synet på diktinga, hadde Hauge lita tru på berre inspirasjonen. Han såg på diktinga som tungarbeid. Hauge skal ha sagt at ord er det hardaste materialet ein kan arbeida i. Han viste til at jamvel Wergeland og Ibsen retta og retta i dikta sine. Jamvel ein mann som William Blake som så hardnakka hevda at dikta hans var inspirerte av åndene, retta i dikta sine. Det har seinare funne manuskript vist. "Han var vel ikkje fornøgd med åndene", seier Hauge i samtale med Olav Vesaas.
Dei moderne dikta til Olav H. Hauge handlar gjerne om daglegdagse gjenstandar som "Sleggja"og "Sagi". Johs. A. Dale rakk å melda "Dropar i austavind", men han tykte at ein del av dikta var knappe nok. Jan Erik Vold har kalla dei moderne dikta til Hauge for "ting-dikt".
Desse "ting-dikta" eller "nyenkle" dikta som dei og har vorte kalla, finn ein slektskap til i mellom anna tysk dikting, særleg i 1970-åra. Det galdt å skriva enkelt og forståeleg. Teiknsetjing og syntaks låg nær opp til normalmålet.
Hauge sjølv sa at det utvida kulturomgrepet gav rom for å setja prosaskildringar opp i verseform til fine prosadikt. Men han såg og at det kan verta for enkelt. Hauge hadde sjølv gått vegen gjennom ulike bundne verseformer og fram til det frie verset. Nokon lettvint veg fram til å verta ein stor moderne diktar såg han neppe.
I 1971 kom den andre samlinga med moderne dikt, "Spør vinden". Samlinga inneheld og "ting-dikt", men og dikt tileigna utanlandske forfattarar og dikt med eit meir filosofisk innhald. Namnet på samlinga er henta frå eit kort dikt i samlinga.

 

Tilbake!

- Kjærleiken


I 1975 vart Olav H. Hauge og Bodil Cappelen sambuarar, og dei gifte seg i 1978. "Da sendte gudene ham en kvinne", sa Jan Erik Vold i eit foredrag om Olav H. Hauge. Den endra sosiale situasjonen gav Olav nye impulsar.
Sjølv om Hauge var gartnar og dreiv mykje med kroppsleg arbeid, heldt han seg ikkje for å vera nokon særleg praktisk mann. Det kunne verka som om hagen og det praktiske arbeidet var meir som ei inspirasjonskjelde til diktinga enn eit yrke han hadde legning for.
Etter samlinga "Spør vinden" sa Hauge sjølv at han ikkje kom til å dikta meir. Likevel kom det ei samling dikt i 1981. Denne kalla han "Janglestrå". Janglestrå er namnet på det korte og stive graset ein finn i gamle utslåtter. Hauge hadde sansen for det ein finn utanfor allfarveg, og han såg det vakre og det verdfulle i det små.
Den fyrste rettskrivinga Hauge lærde, var norma frå 1907. I 1917 kom det ei ny rettskrivings-reform. Dette vart den norma Olav H. Hauge lærde skikkeleg, og han kom i hovudtrekk til å halda seg til rettskrivingsnormalen frå 1917. Dette saman med dialektord gjev språket til Hauge eit visst konservativt preg. Den beste nynorsken finn ein i den nynorske bibelutgåva frå 1921, meinte Hauge. Hauge var ein varm talsmann for nynorsken og for a-infinitiven i verb og i-endinga i substantiv . Språkrådet hadde han lite til overs for. Når det galdt språkpolitikken, var han meir samd med riksmålsmannen og forfattar-kollegaen Arnulf Øverland. Hauge ville som Øverland, halda dei to måla frå kvarandre. Olav H. Hauge var imot tilnærmingspolitikken som var førd ved dei ulike rettskrivingsnormeringane frametter i vårt hundreår.
I 1988 vart Olav H. Hauge vald til den fyrste diktaren ved dei årlege festspela i Bergen. Han var då mest 80 år gammal. Hauge var på toppen av den dikteriske karriera si og naut stor respekt både i inn- og utland. Dikt vart tonesette og brukte i mange samanhangar. Hauge hadde fått mange prisar opp gjennom dei seinare åra. Diktsamlingane som bokhandelen i byrjinga ikkje torde ta inn i redsle for at det skulle bli tap på dei, selde godt. Sjølv ikkje ein forfattar kan leva berre av å vera vidgjeten. Men på sine eldre dagar, fekk Hauge bokstavleg tala oppleva å få løn for strevet.
Olav H. Hauge levde mykje av livet åleine og heller isolert i eplehagen sin. Som ein Odin i sitt Lidskjalv sat han på Rossvoll og såg utover heile verda. Seinare kom han meir omkring, og han fekk etterkvart meir kontakt med forfattarkollegaer rundt om i verda. Hauge hadde nok si beste tid etter at han var 60 år, både som forfattar og personleg.
Olav H. Hauge var vital og klar i tanken der han i sitt 86 år rusla ikring på Brakanes. Han fylgde godt med i det som rørde seg i samtida og var til det siste ein radikalar med størst tillit til "Klassekampen" i politiske spørsmål.
Olav Hauge var ven med den kjende amerikanske lyrikaren Robert Bly. Siste våren Hauge levde, fekk han vitjing av Robert Bly frå USA, men då var ikkje Hauge heilt frisk. Robert Bly ættar frå Hardanger, men Bleie vart til Bly i Amerika.
Olav H. Hauge fekk langt på veg oppfylt den draumen han bar på frå ungdommen. Den vågen han til slutt gleid inn på, fann han etter å ha vore ute i eit stormfullt hav med høge bylgjer. Ein sterk vilje, ei fast tru på det han dreiv med og eit kvasst intellekt, hadde vore båten som bar han gjennom brottsjøane.
Gjennom lesinga si søkte Hauge etter visdom om livet og det å vera menneske. I dikta sine vil han gje oss nokre av dei svara han fann. På ein einfeldt måte prøver han å formulera nokre sanningar og allmennmenneskelege tankar og kjensler om livet i den jordiske hagen.
Etter eit kort sjukeleie døydde Olav H. Hauge om kvelden den 23. mai 1994.

Bodil Cappelen og Olav H. Hauge ved steinbordet i Hagen på Rossvoll
Foto: Sølvi dos Santos 1992.
              
                                         wpe2B.jpg (1339 bytes)  Tilbake !