|
På teikninga til venstre kan du sjå tolvfingertarmen farga raud. Levra er det mørke feltet medan bukkspyttkjertelen er farga gul. Det er eigentleg dei første 25 cm av tynntarmen som vi kallar tolvfingertarmen.

Mellom magen og tolvfingertarmen er det ein ringmuskel, portnaren, som opnar seg og slepp passlege prosjonar med mat ut i tolvfingertarmen.

Dette skjer med maten i tolvfingertarmen:
Bukspyttkjertelen skil ut ei basisk veske. Den basiske veska nøytralisetat saltsyra Bukspyttet innehelg og enzym som bryt ned feitt protein og karbohydrat.
Galleblæra lagrar galle som blir produsert i levra. Når det er mykje feitt i maten som kjem ned i tolvfingertarmen, blir galleblæra stimulert til å sleppe ein porsjon galle ut i tarmen. Forbruket pr. dgr. Er ca. 1 liter. Gallen verkar slik at han emulgerar feitt. Å emulgere feitt vil seie at feittet blir finfordelt i små kuler.

Neste stasjon for maten er tynntarmen.
Du kan køyre vidare til neste side ved å klikke på pila!
Til toppen!
|