|

|
- Kva er oppgåvene til
meltingssystemet?
- Kva
hovudgrupper kan vi dele maten vi et inn i?
- Skriv ned namna på dei forskjellige
delane av meltingssystemet.
- Skriv litt om kva som skjer med maten i
munnen.
- Sjølv om du ligg over ein stolrygg med overkroppen og hovudet mot golvet, greier du likevel å drikke. Forklar
kvifor!
- Kva blir tilsett maten i
magesekken?
- Forklar kva eit
enzym er for noko.
- Kva oppgåve har desse enzyma
amylase og pepsin?
- Kvar ligg "
portnaren" og kva oppgåve har han?
- Kvifor blir maten tilsett ei basisk løysing i
tolvfingertarmen?
- Kva oppgåve har gallen som blir tilsett maten i
tolvfingertarmen?
- Kvar blir
gallen produsert?
- Forklar korleis innsida av
tynntarmen ser ut.
- Kva oppgåver har
tarmtottane?
- Kva går føre seg i
tjukktarmen?
- I kroppen vår finn det stad to typer av
enzymreaksjonar. Kan du nemne desse?
- Levra er kroppen sitt største organ. Skriv kva arbeid som blir utført her.
- Skriv litt om desse delene av cella: A) Mitokondriet, B) Ribosoma, C) Golgiapparatet, D) Cellekjernen.
- Teikn ei enkel teikning av cella og skriv på namna i oppgåve 18.
- Teikn eit snitt gjennom ein jeksel og skriv på desse namna: A) Tannrot, B) Nerve, C) Blodårar, D) Emalje, E) Rotkanla, F) Pulpa, G) Tannbein, H) Tannsement, I) Tannkrone, J) Tannhals.
- Skriv litt om kva tannrote er for noko.
- Skriv ned nokre reglar for god tannhygiene!
Til toppen!
|