BIOLOGISKE REAKSJONAR I KROPPEN.

Den delen av kjemien som har med livsprosessane å gjere, kallar vi biokjemi.

Ein viktig faktor i mange av desse reaksjonane, er enzym. Enzym er ein form for katalysator. Dei deltek i prosessane, men blir ikkje oppbrukte. Dei kjem ut av reaksjonane like heile som dei kom inn!

 

I kroppen vår kan vi finne to hovedtyper av enzymreaksjonar:

  1. Dei reaksjonane som spaltar eller bryt ned store molekylar til minder deler. Eit eksempel på ein slik reaksjon kan vere når amylase spaltar stivelse til enkle sukkerartar.
  2. Den andre typen av reaksjonar med enzym i kroppen vår, er reaksjonar som har til føremål å bygge opp molekyl for vekst og utskiftning av kroppsceller.

 

Vi kan tenkje oss at emzym på ein måte er som ein lykjel som ein kan bruke til å låse opp molekyla med!

 

Til toppen!

Neste emne, levra:

INNHALDSLISTE

TITTELSIDE

MATMEL-TINGA

MUNNEN

MAGEN

TOLVFINGERT.

TYNNTARMEN

TJUKKTARMEN

TENNENE I

TENNENE II

ENZYM

LEVRA

CELLA

TEST