CELLA

Det enklaste dyret er bygd opp av berre ei celle medan menneskekroppen er samansett av fleire billionar celler.

Nedanfor ser du ei enkel teikning av ei menneskecelle.

 

Dei viktigaste delene av celle er:

 MITOKONDRIANE. Dette er cella sitt kraftverk. Blir innramma av ein dobbeltmembran. På overflata skjer mange viktige enzymreakjonar. Viktige delar av forbrenningsreaksjonane finn stad her. Skaffar energi til dei andre reaksjonane i cella.

 RIBOSOMA. Her blir det laga protein som er byggmateriale og enzym som er ein viktig faktor som katalysator i mange av reaksjonane i kroppen. Oppskrifta på dei forskjellige proteina og enzyma får ribosoma sendande frå arvestoffet i cellekjernen. Når eit stoff skal produserast, kjem først oppskrifta frå cellekjernen, deretter tek robosoma fram dei forskjellige aminosyrene som dei treng til akkurat det stoffet og set dei saman som oppskrifta seier.

 GOLGIAPPARAT. Her blir enkle sukkerartar sett saman til samansette. Golgiapparatet er små blærer som kan skiljast ut av cella.

 CELLEKJERNEN. Styrer all aktivitet i cella. I cellekjernen ligg arvestoffet eller DNA.

INNHALDELISTE

 TITTELSIDE

 TOLVFINGERTARMEN

MATVELTINGA

 TYNNTARMEN

 MUNNEN

 TJUKKTARMEN

MAGEN

 TENNENE I

TENNENE II

ENZYM

LEVRA

CELLA

TEST

 

 

Til toppen!

Til neste side, spørsmål: