EVENTYR OG MYTER – VIKTIGE FOR VAKSNE?
På
desse sidene vil du mellom anna finne omtale av nokre bøker som
ut i frå jungiansk psykologi omhandlar følgjande tema:
Når vi kjem i 40 – åra, kjem mange av oss
i ei livskrise som er tung å bære, ikkje minst lærarar.
Vi er utslitne, gått tom, det blir tungt å sette seg inn i
nye ting, det blir tungt å forandre på undervisninga vår.
Manglar vi noko grunnleggjande i livet vårt? Kvifor
slit vi oss ut? Kvifor lar vi oss drage med i ein karusell av eit liv der
vi ikkje torer å stille spørsmål, lytte til vår
indre stemme, gjere det vi har lyst til, før det er for seint?
Er det fordi det på alle skulane vi har vore igjennom
har vore lagt alt for lite vekt på å lære oss noko om
vår eigen psyke, korleis vi er i vårt indre, og korleis mellommenneskeleg
samspel verkar?
Den kjende psykologen C.G.Jung sine teoriar har vore utgangspunkt
for mange forskarar sine studier av eventyr og myter. Ved å
gå inn i dette stoffet kan vi få ei betre forståing av
vår eigen psyke og lære om kva grunnleggjande menneskekunnskap
som skjuler seg i eventyra.
Vi må og gje oss tid til å lese og oppleve
eventyra, mytene, fablane, historiene sjølve. Vi må
gje oss tid og rom til å oppleve visdomen frå urgammal tid,
og la den røre ved hjarta våre.
Anne Hungnes |