Saturn
har fått namnet sitt frå den romerske guden for såing
og innhausting.
Det er mogleg å sjå planeten med augene, men når ein ser på planeten med eit lite teleskop, kan ein tydeleg sjå ringane rundt han.
Oppdaging: Ein har kjent til planeten sidan oldtida
Månar: 20 månar, dei fleste er store steinblokker
Besøk/bilete: Romsondane Pioner 11, Voyager 1 og 2 har sendt mange nye opplysningar om planeten og ringane tilbake til jorda, i tillegg til det ein frå før har funne ut om han frå studie gjennom teleskop. Men sidan planeten ikkje har noko fast overflate, er det umogleg å lande på overflata.
Plassering: Den første planeten utanfor Jupiter, men du er berre
halvvegs frå sola til Saturn når du passerer Jupiter.
| Avstand frå sola: | 1429 mill. km |
| Størrelse: | 120536 km i diameter |
| Masse: | 95 gonger så stor masse som jorda. |
| Tyngdekrafta : | 0,9 (Jorda = 1) |
| Rotasjonatid: | 10,5 timar |
| Omløpstid: | 29,5 år |
Overflata
Atmosfære
Består av gassane hydrogen og helium, men også noko ammoniakk
og metan. Kraftige vindar herjar i atmosfæren, med hastighetar på
over 1500 km/h (orkan på jorda er 120 km/h).
Temperatur: Middeltemperaturen er -180°
Anna
Ringane karakteriserer planeten og vart første gong oppdaga
av Galileo Galilei i 1610, og lenge trudde ein at det berre var denne planeten
som har ringar. Dei titusenar ringane er sett saman av isklumpar og steinar
som er dekka av is, og dei strekkjer så langt ut i verdsromet at
dei nesten ville rekkje frå jorda til månen. Desse isklumpar
har størrelse frå slike isklumpar vi har i saftglaset til
andre som er som store hus. Saturn er den einaste av planetane som har
mindre tettleik enn vatn, og om ein hadde ein stor nok sjø, ville
heile den gigantiske planeten flyte på vatnet.
Meir om Saturn
Saturn
(norsk)
Saturn-artikkel
(norsk)
Saturn, med
bilete og animasjonar (engelsk)
Til toppen av sida