Neptun
var romarane sin gud for havet og sjøfararane
Ein kan berre sjå Neptun gjennom store teleskop og då berre som ei blågrøn skive som liknar mykje på Uranus.
Oppdaging: Det vart først rekna ut at det måtte finnast
ein planet utanfor Uranus som påverka banen til denne planeten, 1846
var første gong ein såg han. Ein hadde gjeve planeten namn
før han vart observert.
Månar: 8 månar
Besøk/bilete: Det er Voyager 2 som kom til planeten i 1989 som har gjeve oss dei fleste fakta og bilete av han. Det var denne romsonden som oppdaga dei seks siste månane til Neptun. Men ei oveflate som ikkje er fast, gjer det omogleg å lande på han.
Plassering: Nest ytst, og nokre gonger ytst på grunn av Pluto
sin spesielle bane rundt sola. Neptun er ytst i tidsromet 1979-1999.
| Avstand frå sola: | 4500 mill. km |
| Størrelse: | 495628 km i diameter |
| Masse: | 17 gomger så stor som jorda |
| Tyngdekrafta : | 1,1 (Jorda = 1) |
| Rotasjonatid: | 16 timar |
| Omløpstid: | 165 år |
Overflata
Atmosfære
Sett saman av hydrogen og metan. Har svært vekslande klima og
har eit enormt stormsentrum som kallast “Den store mørke flekken”
(sjå illustrasjonen) danna av sterke vindar (opp mot 2000 km/h)
Temperatur: middeltemperaturen er -220°C.
Anna
Også rundt Neptun har ein observert små, blågrøne
ringar.
Meir om Neptun
Neptun
(norsk)
Neptune, med
bilete og animasjonar (engelsk)