MARS
 

MarsPlaneten har fått sitt namn frå den romerske krigsguden, kanskje på grunn av den raude fargen.

Mars er berre halvparten så stor som jorda, men er tydeleg synleg frå jorda som ei rødleg stjerne. Ser ein med kikkert på planeten, vil ein også kunne sjå dei kvite polkalottane.

Oppdaging: Planeten har ein kjent til sidan oldtida.
 
Månar: 2 månar

Besøk/bilete: Ein har mange gode fotografi av overflata, tekne frå amerikanske og sovjetiske romsonder. Viking-sondene landa på Mars, tok enkle prøvar og sendte informasjon tilbake til jorda.
Sommaren 1997 landa Mars Pathfinder i det som ein trur er eit uttørka elveleie. Denne romsonden hadde med eit elektrisk drive kjøretøy som tok prøvar frå overflata. Det er ikkje fundne sikre bevis for at det er eller har vore liv på Mars, sjølv om ein meinte at det var spor etter mikroorganismar i ein meteoritt frå planeten i 1996.

Plassering: Første planeten utanfor jorda.
 
Avstand frå sola: 228 mill. km
Størrelse: 6870 km i diameter
Masse: 1/10 av jorda
Tyngdekrafta : 0,38 (Jorda = 1)
Rotasjonatid: ca. 4 timar
Omløpstid: 687 døgn
 
Uttørka elveleie på MarsOverflata
Mars er først og framst kjend for si raude overflate av rusta jern og av dei kvite polkalottane som består av støv, is og tørris. På planeten herjar det ofte store støvstormar. Om sommaren finst det fritt vatn på planeten, men gamle "elveleie" tyder på at det har vore større mengder vatn på overflata. Mars er kjent for å ha den største vulkanen i solsystemet, Olympus Mons.

Atmosfære
Om sommaren har planeten ein tett atmosfære som består av 95% CO2 samt nitrogen, argon og oksygen. Om vintaren er det meste av atmosfæren frosen ved polane.

Polkalott med is påTemperaturen varierer frå 5°C til -100°C med ein middeltemperatur på -23°C.

Anna
Planeten mangler ozon-laget som dekker og beskytter jorda. Men samstundes er Mars den planeten i vårt solsystem der forholda for eventuelt liv liknar mest på dei ein har på jorda.
 
 


Meir om Mars

Mars (norsk)
Mars, med bilete og animasjonar (engelsk)
 
 Til toppen av sida