Jorda,
på latin kalla Tellus, er oppkalla etter den romerske gudinna Tellus,
moder jord. (Tilsvarer den greske gudinn Gaia, eit namn som ofte blir brukt
på jorda.)
Korleis ser ein planeten: Frå verdsromet er jorda kjenneteikna
ved at det er ein “fin”, blågrøn planet med ein tynn atmosfære
rundt.
Månar: 1 måne
Bilete: Ein har mange bilete av jorda frå satellittar, romsonder og romrakettar.
Plassering: Som den tredje i rekka av planetar frå sola
| Avstand frå sola: | 150 mill. km |
| Størrelse: | 12756 km i diameter |
| Masse: | 5 970 000 000 000 000 000 000 000 kg |
| Tyngdekrafta : | 1 (som utgangspunkt for å samanlikne med dei andre planetane) |
| Rotasjonatid: | 23,9 timar = 1 døgn |
| Omløpstid: | 365 dagar = 1 år, noko som betyr at jorda har ein fart på omkring 108000 km/h i banen sin. |
Temperaturen på jorda varierer frå -50° til 50°C, middeltemperaturen på jorda sett under eitt er om lag 15°C.
Anna
Jorda er den einaste planeten i solsystemet der det er påvist
liv av den typen som vi kjenner til. Ei kjerne med mykje jern har gjeve
jorda eit magnetfelt som saman med atmosfæren beskytter oss mot den
farlege radioaktive strålinga frå sola.
Meir om jorda