ASTEROIDEBELTET
 
 
Døme på asteroideAsteroide betyr eigentleg småplanetar og asteroidebeltet består av omkring 45 000 lekamar. Desse beveger seg meir og mindre samla i eit "asteroidebelte".

Oppdaging: Dei første asteroidane vart oppdaga først på 1800-talet.

Besøk/bilete: Dei fleste er fotografert av romsonder på veg utover i solsystemet.

Plassering: Eit belte av asteroidar finst i ein bane mellom Mars og Jupiter (sjå illustrasjon lengre nede på sida)
 
Avstand frå sola: Middelavstanden er omkring 1427 mill. km, men avstanden varierer mykje frå asteroide til asteroide.
Størrelse: Den største, Ceres, er 936 km i diameter, andre er mykje mindre.
Masse: Ceres har ein masse på omkring 1000 000 000 000 000 000 000 kg
Tyngdekrafta : svært liten på grunn av den lille massen
 
Overflata
Nokre har høgt karboninnhald medan andre i jovudsak består av metall, spesielt jern.

ILLUSTRASJON:
Asteroidebeletet i forhold til dei næraste planetane.
 
Anna
Nokre gonger blir bitar frå asteroidebeltet slengt ut av banen. Av desse lander nokre på jorda som meteorittar. Den største meteoritten ein har funne på jorda er av jern, veg 55 tonn og er funnen i Namibia. Men dei fleste meteorittane brenn opp når dei "kolliderer" med atmosfæren, og vi ser dei berre som stjerneskot på nattehimmelen.


Meir om asteroidar

Meir om asteroider
Dobbeltasteroiden 1989 PB
Asteroid, med bilete og animsjonar (engelsk)

 Til toppen av sida