|
Andre instrument: Fløyte
Toneomfanget til instrumenta
|
Tubaen er det største av messinginstrumenta i korpset. Tubaen har kjegleforma boring. Den har mellom tre og seks ventilar, etter instrumentet sin storleik. Munnstykket og ventilsystemet på tubaen fungerer som på dei andre messinginstrumenta, ein kan bruke både ventilane og leppene for å få forskjellige tonar på instrumentet. Utviklinga av tubaen kan du lese her.
Det finst tubaar i mange ulike storleikar og stemt på mange ulike måtar. Bb-tubaen har til dømes ei total lengde på 5,5 meter.
Tubaen er eit relativt nytt instrument i brassfamilien. Prinsippet bak tubaen er deimot svært likt mange av dei andre messinginstrumenta og er derfor ikkje nytt. Dei første tubaane vart laga i Tyskland og Austerrike
i 1820-åra.
|