|
Tilbake til:
|
I denne oversikta er mange av dei mest vanlege rytmeinstrumenta med, men det er umogleg å få med alle.
Claves/Rytmepinnar
Claves, eller rytmepinnar som dei vert kalla på norsk, er to pinnar av hardt tre som gjev lyd ved at dei vert slått mot kvarandre. Vanlegvis er pinnane 20 - 25 cm. lange. Instrumentet vart utvikla på Cuba, truleg av afrikanske slavar, på 1800-talet. Kastanjettar:
Kastanjettane består av to skålforma trestykke som er festa
saman. Lyd får ein ved å slå desse delane saman.
Cymbalar er metalltallerknar i ulike storleikar. Lyd får ein ved
å slå på cymbalen med ei stikke eller slå to cymbalar
mot kvarandre. I begge høva vert det vibrasjonar i cymbalane som
fører til lyd. Cymbalen har ei svak krumming i forma, og er litt
høgare på midten der handtaket er festa.
Cymbalane kjem frå Assyria/Irak og kom til vesten via Tyrkia på 1800-talet. Maracas:
Maracas lagar lyd ved at du ristar på dei. Maracas høyrer saman i par som har litt ulik tone. Opphavet til maracas finn ein i Latin-Amerika. Raspetre:
Raspetreet har rifler i overflata, noko som gjer at det kjem lyd når ein dreg ein hard trebit over den. Ofte vert lyden forsterka ved å ha holrom i instrumentet. Det mest kjende raspetreet heiter guiro. Guiroen er vanlegvis omlag 41 cm. lang. Opprinnelsen til instrumentet finn ein i Latin- og Sør-Amerika. Tamburin:
Tamburinen er kjent heilt tilbake til Bibelske tider. Den stammer truleg frå Egypt eller Irak. Tamburinen er ei ramme som har eit skinn over seg, og såleis kan brukast som ei tromme og/eller bjeller som ein kan bruke til å lage raslelydar. Triangel:
Triangel består av ein rund stålstav som er bøgd i tre like lange delar med eit hjørne ope. Triangel førekjem i mange ulike storleikar. Ein spelar på triangelet ved å slå med ein eller to stålstavar anten utanpå triangelen eller inne i eit hjørne. Bjeller:![]()
Bjeller finnst i mange ulike utgåver og utformingar. Det finst enkle bjeller som berre kan lage ein tone, og det finst bjeller som er festa saman. Eit døme på det siste er kuge. Kuge har to bjeller som er festa saman og dei to bjellene har ulik tone. Instrumentet er omlag 28 cm. langt. Kuga stammer frå Hausafolket i Niger eller Nigeria Treblokk:
Treblokkene får ein lyd på ved å slå på
dei med ei stikke. Hol i treblokka sørger da for ressonans.
Dette instrumentet består av to trestikker som er festa saman i den eine enden og litt adskilde i den andre enden. Lyden får ein ved at dei to trestikkene slår mot kvarandre. Lyden ein får vert eit skarpt smell. Cabasa:
Gong er eit viktig tradisjonsinstrument frå Søraust-Asia.
Gongen er ei stor, rund metallplate, vanlegvis bronseplate, festa til eit
stativ.Opprinneleg vart det ofte brukt mange gongar med ulike tonar, men
i orkester- og korps- tradisjon vert det vanlegvis berre brukt ein stor
gong.
Vibraslap kjem frå Latin-Amerika. |