|
Andre instrument: Fløyte
Toneomfanget til instrumenta
|
Oboen høyrer til blant treblåsinstrumenta. Obo er eit forholdsvis sjeldan instrument, og det er ikkje så mange korps som har obo med i besetninga si. For å få lyd i ein obo må ein ha eit dobbelt rørblad. Desse doble rørblada kan vere ganske tunge å blåse i, og det er viktig å lære rett teknikk om ein vil begynne å spele obo. Ulike tonar får ein på oboen ved å tette eller opne klaffar. Korleis oboen utvikla seg dit den er i dag kan du lese om her.
Oboen er nesten 60 cm. lang. Den var eit av dei første treblåsinstrumenta som fekk fast plass i symfoniorkeseteret. Oboen er eit svært stabilt instrument og vert ofte brukt til å stemme etter i samspelsituasjonar. Oboen si utvikling ser ut til å ha sine røter
i middelalderen.
Jean Hotteterre er den som har fått mykje av æra for utviklinga av oboen. På midten av 1600-talet gjorde han og andre franskmenn endringar som gav musikantane mykje betre kontroll over lyden frå instrumentet. Lyden vart på denne måten finare, og oboen vart eit meir anerkjent instrument. På 1800-talet fortsette utviklinga i Tyskland og i Frankrike, og det er i desse landa dei største endringane på oboen har vorte utført etter denne tid. Frå slutten av 1700-talet og utover på 1800-talet vart klaffesystemet stadig utvikla til det systemet oboen har i dag. |