Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

 

Andre instrument:

Fløyte
Obo
Klarinett
Saxofon
Fagott
Kornett/
Trompet
Flügelhorn
Horn
Baryton/
Euphonium

Trombone
Tuba
Perkusjon

Toneomfanget til instrumenta

Instrumentquiz


Kornett og trompet er begge svært mykje brukte instrument i korpset.

Instrumenta liknar mykje på kvarandre, men har forskjellar i lyd og utsjånad. Kornetten liknar på mange måtar på ein "liten tjukk trompet". Lyden på instrumenta er litt ulike. Kornetten har ein mjukare og rikare klang på grunn av at røra er meir kjegleforma.

For å få lyd på desse instrumenta bles ein i eit munnstykke. Ulike tonar vert forma ved stramming av leppene og ved ulike kombinasjonar av tre ventilar som gjev instrumentet ulik lengde, og dermed ulike tonar, etter kva ventilar ein trykker ned.

Utviklinga av instrumenta kan du lese om her.

Det vanlegaste i korpssamanhengen er å bruke kornettar og trompetar stemt i Bb. 
Kornett
Trompet

Andre kornett og trompettypar, som til dømes
Eb-kornett
Eb-trompet
finns også.

Kornett:

Kornett

Kornetten er kortare enn trompeten. Dette kjem av at røret er meir samanbøyd.

Trompet: 

Trompet

Trompeten er ca 46 cm. lang, men den totale lengda om ein hadde strekt ut røret ville vore på 1,4 meter. Trompeten når over omlag 2,75 oktavar. 

Litt historikk:

Trompeten sin klare klang har vore typisk for instrumentet heilt tilbake til middelalderen. Klangen har vorte avgjort av den syliderforma utboringa til intrumentet.

Omkring år 1400 fekk instumentet, som tidlegare hadde vore rett, ei s-form. Kort tid etter gjekk ein vidare til ein "løkke".

Ein fekk også på ventilar på trompeten, så ein lett kunne endre lengda på røret, og dermed tonehøgda. Det dukka også opp ein trompet som hadde slide som ei trombone istadenfor ventilar, men denne fekk ikkje same suksess som ventiltrompeten.
Dei første ventiltrompetane vart utvikla i Tyskland i 1820, og i USA i 1825.

Kornetten vart utvikla i Frankrike på 1820-talet av Jean-Louis Antoine. Modellen for instrumentet var eit posthorn. Mange utgåver av kornetten vart laga, men Bb-kornetten har vorte den mest brukte.