Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

 


 

Andre instrument:

Fløyte
Obo
Klarinett
Saxofon
Fagott
Kornett/
Trompet

Flügelhorn
Horn
Baryton/
Euphonium

Trombone
Tuba
Perkusjon

Toneomfanget til instrumenta

Instrumentquiz


Klarinetten er eit av dei mest vanlege korpsinstrumenta i janitsjarkorpset. Den høyrer med blant treblåsinstrumenta. 

For å få lyd i ein klarinett må ein ha eit enkelt rørblad som ein festar på munnstykket. Når ein bles på dette vil rørbladet vibrere og ein får lyd. Munnstykket til klarinetten og saxofonen er svært likt.

Ulike tonar får ein på klarinetten ved å tette for eller ha opne fingerhol og ved å tette eller opne klaffar.

Utviklinga av klarinetten går langt tilbake i tid. Det kan du lese om her.

Den aller vanlegaste klarinetten i korpset er: 
Bb-klarinetten.

Men også andre klarinettar er i bruk, så som 
Eb-klarinetten og
Bass-klarinetten.

Det finst også mange andre klarinettar, som til dømes A-klarinett og alt-klarinett, men desse er meir vanlege i andre samanhengar enn korpset. 

Bb-klarinett: 

Bb-klarinett

Bb-klarinetten er altså den aller mest brukte klarinetten. Den er 66 cm. lang.Klarinetten har eit ganske stort toneomfang, 3,5 oktavar. 

Eb-klarinett: 

Eb-klarinett

Eb-klarinetten er litt, men ikkje så mykje, brukt i korpsa. Denne klarinetten er mindre enn Bb-klarinetten og har difor ein lysare lyd. For dei som er svært unge og vil begynne å spele klarinett kan det vere enklare å begynne på Eb-klarinett. Ettersom den er mindre og har kortare avstand mellom fingerhola, kan det vere enklare å tette hola ordentleg.
Å få fin lyd på ein Eb-klarinett er deimot ikkje så enkelt. Instrumentet har ein litt skrikande klang.

Bassklarinett: 

Bassklarinett

Bassklarinetten høyrer til blant bassinstrumenta i korpset. Den er ein god del større enn dei andre klarinettane, 1,2 m. lang.Den har ein djupare klang, og spelar faktisk ein oktav lågare enn det som er notert i notane. Toneomfanget er på 3,5 oktavar. 

Litt historikk:

Instrument som liknar på klarinetten finn ein heilt tilbake til antikken og da i Egypt. Slike instrument kan ein fortsatt finne i folkemusikken rundt middelhavet. 
Vidareutviklinga av desse meir primitive instrumenta til den første klarinetten vart gjort av ein  fløytebyggar som heitte Johan Christian Denner på slutten av 1600-talet.

Dei første klarinettane hadde fingerhol og nokre få klaffar. Etter kvart kom forbetringar med fleire klaffar, og stadig betre lyd.
Munnstykket med rørbladet ned vart også vanleg. Tidlegare hadde ein hatt rørbladet opp.

Utviklinga frå midten av 1800-talet gjekk i to retningar. Mange område i Tyskland og Austerrike bruker difor ein anna klarinett enn det som er vanleg i resten av Europa og USA.

Klarinetten slik vi kjenner den i dag har vore mest uforandra dei siste 150 åra.