|
Andre instrument: Fløyte
Toneomfanget til instrumenta
|
Fløyta er det korpsinstrumentet som kan spele dei lysaste tonane. Fløyta høyrer til blant treblåsinstrumenta, sjølv om svært få fløyter i dag er laga av tre. Når du skal spele på fløyta held du den sidelengs, derav namnet tverrfløyte. Lyd får ein ved å blåse i eit hol på sida av fløyta. Ved å opne eller tette klaffar kan ein oppnå ulike tonar. Oktavforskjellar i tonane oppnår ein også ved ulike blåsemåtar. Utviklinga av fløyta kan du lese om her.
Det er i hovudsak to fløytetypar som er brukt i
korpsmusikken:
Det finst også andre typer fløyter, men desse er ikkje til vanleg i bruk i korpset.
Tverrfløyta er eit ganske lite instrument. Den er 66 cm. lang og 2,5 cm. i diameter. Toneomfanget til tverrfløyta går over omlag 3 oktavar. Piccolofløyta:
Piccolofløyta er berre halvparten så lang som tverrfløyta, 33 cm. Lyden som kjem ut av piccolofløyta er også ein oktav lysare enn lyden frå tverrfløyta. Piccolofløyta har eit toneomfang på omlag 2,5 oktavar. Det er vanskelegare å spele fint på ei piccolofløyte enn ei tverrfløyte, mange velger derfor å begynne med tverrfløyte og eventuelt gå over til piccolofløyte etter kvart. Namnet på piccolofløyta kjem av det italienske "flaute piccolo" som tyder lita fløyte. Dei eldste fløytene ein kjenner som kunne lage meir enn to, tre tonar vart oppdaga i ei slovensk hole og er 45 000 år gamal. Så tidleg som 100-200 år e.Kr. kan ein finne skildringar av noko som kan vere ei fløyte som har blåsehol på sida, men det endelige beviset på at slike fløyter var i bruk, finn ein på illustrasjonar frå 1100 talet. På 1500 talet hadde fløyta seks fingerhol og eit blåsehol. Fløyta vart frå denne tid stadig utvikla til å kunne spele fleire ulike tonar og å vere meir stabil. Fløyta, slik vi kjenner den i dag fekk si utforming på omkring 1830 av Theobald Bohem. Han sette klaffar på fløyta som ein skulle trykke ned istadenfor at ein skulle tette hola med fingrane. Fløytene i dag har 16 klaffar. I denne tida tok ein også til å lage fløytene av tynt metall. Dei tidlegare fløytene var laga av tre. Nokre fløytistar foretrekker forsatt trefløyter, men dei aller fleste bruker i dag metallfløyter. |