Startside

Janitsjarkorps

Brasskorps

Treblås-
instrument

Messing-
instrument

Perkusjon
 
 



Desse sidene er laga av Gry Marita Åkre, som semesterarbeid i IT1 og musikk3 ved Høgskulen i Volda 1998/99.

Med interesse innan musikk, og spesielt i korpsrørsla, ynskte eg å lage sider der ein kan lære om instrumenta i korpset.

Sidene er meint brukt i musikkundervisninga frå mellomsteget og oppover. Elevar som anten ynskjer å begynne å spele eit korpsinstrument, eller berre ynskjer å vite litt om eit eller fleire instrument, kan ha nytte av informasjonen dei kan finne her. Sidene kan også fungere som ressursside for lærarar.

Eg har lagt inn nokre spørsmål til kvart instrument der elevane kan teste seg sjølve, og sjå kor mykje dei hugsar om kvart instrument.

Det vil sjølvsagt finnast instrument som er brukt i korpssamanheng som eg ikkje kjem inn på i denne oppgåva, men eg meiner at eg har fått med dei fleste instrumenta som er i vanleg bruk.

Dersom du vil sjå prosjekta til mine medstudentar kan du sjå på denne sida. Her finn du også prosjekta til studentar frå i fjor.

Her er ei side der du kan finne lenker til ein nokre andre korps/musikk-sider, pedagogiske sider og ting eg har brukt i arbeidet med oppgåva.


aakregry@student.hivolda.no

Skriv gjerne til meg dersom du har
kommentarar eller idèar til sidene mine.

Takk til Roar Stokken som har gitt gode råd undervegs og som har svart på alle teite spørsmål. Takk også til alle, medstudentar, musikantar i Ørsta Hornmusikk og andre, som har bidratt med instrumentlydar og andre ting som har vore til hjelp i arbeidet med oppgåva!